Vestnes Varfjell får besøk av Dahle til kamp i 4. divisjon fredag klokka 19. Begge lag har seks poeng så langt, men gjestane frå Kristiansund har langt betre målforskjell. Dahle blir trent av Jan Roger Angvik, som også er spiss og ein mann å sjå opp for. Han har erfaring mellom anna frå Træff og Kristiansund BK. I fjor vann Vestnes Varfjell 2-1 i begge oppgjer mot Dahle. Oversikt over tidlegare kampar her. Som vanleg blir det enkel oppdatering via Twitter.