Marius Sivertsen
Marius Sivertsen
Vestnes Varfjell slo Norborg 5-3 (1-1) på bortebane i ein treningskamp torsdag kveld. Målvakt Marius Sivertsen skåra direkte frå utspark! I tillegg skåra Svein Erik Lange Male,Tommy Kanishi Andreassen (2) og Yngve Solevågseide. Vestnes Varfjell har dermed framleis til gode å tape mot laget frå Søvika. - Me spelte godt i halvanna omgang, seier trenar Alexander Connor. Tore Akselsen gjorde comeback etter langtidsskade. Norborg om kampen

 

Stillinga ved pause var 1-1 på kunsgraset i Uggedalen, der midtstoppar Svein Erik Lange Male gav Vestnes Varfjell leiinga på eit straffespark.

 

Etter pause sytte Tommy Kanishi Andreassen for leiing 2-1 og 4-2, begge måla kom etter at kantspelaren gjekk innover i bana og avslutta med skot. Innimellom sette Yngve Solevågseide inn 3-1 på eit frisparklangskot før Marius Sivertsen sette punktum til 5-3. Målvakta skåra på eit langt utspark.

 

- Det var ikkje spesielt mykje vind, berre rett og slett eit godt utspel som spratt i bakken, over Norborg-keeperen og i mål, seier spelande trenar Alexander Connor.

 

Han er glad for seieren og meiner hans lag var best i første omgang og i starten av andre, medan Norborg kom sterkt mot slutten.

 

- Me hadde også 3-4 avslutningar i stolpe eller tverrliggar, men også Norborg hadde sine sjansar utanom skåringane, seier Connor.

 

Han måtte greie seg utan ein del spelarar grunna sjukdom. Ronny Leikarnes vart sjuk på veg til kamp, frå før hadde Marius Ulla og Sander Valde meldt forfall av same grunn. Knut Øyvind Hoem var heller ikkje med, i tillegg starta ikkje Nirut Mjøs fordi han kjenner på ein strekk. Derimot var det klart for comeback for Tore Akselsen då han kom innpå for broren Sondre i andre omgang.

 

- Slik sett er det eit sterkt resultat mot eit lag som er forventa å gjere det godt i 4. divisjon på Sunnmøre, seier Connor.

 

Vestnes Varfjell starta kampen i ein litt uvant formasjon, noko som var vellukka.

 

 

Kampfakta:

Norborg - Vestnes Varfjell 3-5 (1-1)

Treningskamp, torsdag 7. april 2011 kl 19

Uggedal stadion kunstgras

20 tilskuarar

Mål:

0-1 (9) Svein Erik Lange Male
1-1 (36) Johan Stavik
1-2 (46) Tommy Kanishi Andreassen
1-3 (53) Yngve Solevågseide
2-3 (56) Tarjei Urkedal
2-4 (71) Kanishi Andreassen
3-4 (77) André Larsen
3-5 (87) Marius Sivertsen
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg
Ingen kort

Vestnes Varfjell: Marius Sivertsen; Alexander Connor, Svein Erik Lange Male, Tor Gunnar Venås (Tommy Solevågseide 70.), Magnus Nerheim, Christian Leikarnes (Nirut Mjøs 55.), Yngve Solevågseide, Sondre Akselsen (Tore Akselsen 65), Vegar Skare, Tommy Solevågseide, Elling Olafsen