Fredag er det duka for lokaloppgjer når Vestnes Varfjell møter Tomrefjord på bortebane. Laga kjempar i kvar sin ende av tabellen, men det er gløymt i kveld. Tomrefjord blir trent av Cato Andreassen, tidlegare spelar og assistenttrenar i Vestnes Varfjell og far til Vestnes Varfjell-kaptein Tommy Kanishi Andreassen. Heimelaget kjem frå tre strake tap, medan Vestnes Varfjell også har mykje å revansjere etter det sure tapet mot Midsund sist. Det er snart 10 år sidan forrige oppgjer mellom laga i serien. Eit langskot av Kim Skjegstad sytte for 4-5 seier for Vestnes Varfjell sist laga møttest. Det var i 2003 og Tomrefjord stilte lag saman med Fiksdal/Rekdal under namnet TIL/Fiks/Rek. Les om kampen her. Det blir oppdateringar via Twitter. Førehandsinfo her. Kampfakta kjem her.
A-laget: Lokaloppgjer i kveld klokka 19
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter