ImageVestnes Varfjell tapte 1-5 borte mot KBK 2 i første haustkampen i 4. divisjon. Det sto 0-0 ved pause. Tommy Kanishi Andreassen (bildet) reduserte til 1-2. Kantspelarar var tilbake frå skade og skåra då han kom innpå i andre omgang i sin første kamp sidan 10. juni. Vestnes Varfjell brente også eit straffespark i ein kamp der Ole Gunnar Kjærstad debuterte. - Me spelte ein ok 1.-omgang, men det rakna dessverre litt mot slutten, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no. KBK om kampen


Kanishi, som framleis er litt skadeplaga, sette inn Vestnes Varfjell sitt einaste mål i kampen etter ei kontring der han skaut forbi keeper.


KBK 2, som Vestnes Varfjell slo 2-1 i serieopninga, vart som venta ein tøff motstandar på bortebane. Likevel heldt laget følge i over ein omgang.

- Første omgang var bra frå vår side. Dei skapte nok flest sjansar, men våre var minst like store, seier Connor om dei mållause første 45 minutta.

- I andre omgang greide me ikkje å følge opp opp det vart mykje "feriefotball" der me vart trykt bakpå av heimelaget som etter kvart fekk sleppe altfor lett til. Det rakna litt mot slutten slik at sifra vart styggare enn nødvendig, seier connor.

Til slutt sto det 1-5. Då hadde Elling Olafsen brent eit straffespark nokre minutt før slutt.

Neste kamp er lokaloppgjeret mot Måndalen heime komande fredag.



Kampfakta:

Kristiansund BK 2 - Vestnes Varfjell 5-1 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Måndag 8. august 2011 kl 19
Idrettsplassen (kunstgras), 20 tilskuarar
1-0 (50) Roar Henden

2-0 (55) Dennis Thordarson
2-1 (65) Tommy Kanishi Andreassen
3-1 (73) Henden, straffespark

4-1 (73) Martin Fossland

5-1 (82) Marius Nergård


Dommar: Harald Gule, MFK (Halvar Røe, Rival 46.)
Raudt kort: Arnt T Larsen, KBK 2 (86)
Gult kort: Per Kristian Os Nakken
Laget (4-2-3-1): Reistad; Lange Male, Ulla, Mjøs, Nakken (Nerheim (Kjærstad)) - Skare, Y Solevågseide - R Leikarnes (Ahmadi), T Akselsen (C M Leikarnes), S Akselsen (Kanishi Andreassen) - Olafsen