Frå vårkampen mellom laga. (Foto: Bjørn Ulla)Heimekampen i 4. divisjon mot Måndalen er flytta frå torsdag 11. august til fredag 12. august kl 19. Kampen var også opphavleg sett opp fredag, men vart flytta fordi Måndalen skulle til Fåberg cup. Men etter at denne vart flytta ei helg ønska begge lag å flytte kampen tilbake til fredag, ikkje minst av omsyn til publikum. Første kamp for Vestnes Varfjell etter ferien er borte mot KBK 2 måndag 8. august.