Slik marknadsfører Rival kampen. (Foto: rivalfotball.com)
Slik marknadsfører Rival kampen.
Vestnes Varfjell drar til Årø for å kjempe om nye poeng i 3. divisjon laurdag. Rival har lada opp med skarpskyting og melder om nær full tropp etter at dei ikkje kunne stille lag mot KBK 2 nyleg. Bendik Hareide er vente å gjere comeback etter langt skadeavbrekk. Vestnes Varfjell stiller vel også med alle mann alle og vil med seier passere laget frå Molde aust. Ta turen til Molde og hei Vestnes Varfjell fram til nye poeng. Avspark er klokka 15, slik at du rekk å få med deg MFK-AaFK etterpå. På lokalfotballens morsomste nettsider, Rivalfotball.com kan du også høyre kva Bernt Hulsker trur om kampen.


Rival vann 3-2 i vårkampen og vann også begge kampane i 2007. Det er med andre ord eit bortelag med mykje å revansjere som tar turen til Årøråket.