Vestnes Varfjell forsvarte seg godt i ein omgang, men måtte til slutt gje tapt og reise heim med stygge sifre då laget gjesta Surnadal onsdag. Kampen starta jamnt, men Surnadal tok leiinga midtvegs i første omgang og tok over etter det. Vestnes Varfjell hadde eit par store sjansar til å utlikne, men det sto 1-0 ved halv tid. Surnadal dobla leiinga like etter pause, og etter kvart rann måla inn mot slitne Vestnes Varfjell-spelarar. Fem av måla kom i løpet av ti minutt - frå 66. - 76. minutt. Ei avslutning i stolpem var det næraste Vestnes Varfjell kom ei redusering. "Surnadal kunne godt ha hatt både to og tre mål etter første omgang, og heimelaget var i det gavmilde hjørnet og ga bortelaget et par sjanser til å skåre den andre vegen, men det sto 1-0 til pause. (...) I andre omgang fortsatte Surnadal å presse. Høgt tempo, spill på kantene og innlegg foran mål, ga den ene sjansen etter den andre. (...) Vestnes Varfjell blei rett og slett løpt i senk. Bortelaget klarte ikke å holde følge med Surnadals tempo og sleit seg ut i jakten på ballen. De gangene i andre omgang de fikk låne den, var det farlig bare en gang. Et stolpeskudd som spratt ut i armene på  Steinar B. Ranheim", skriv avisa Driva om kampen. Neste kamp er heime mot Tingvoll fredag om ei veke. Laget:

Adrian Gabrielsen; Yngve Solevågseide (Jørgen Hovde 78), Thomas Andre Brastad, Adrian Liabø - Ole Gunnar Kjærstad (Ørjan Tangen 78.), Karl Arne Stokkeland, Sivert Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Karl Edvard Bredeli (Alexander Connor 80.)