Så var det klart for årets første tap i treningskampane. Torsdag drog Sykkylven det lengste strået, og vann med sitt 3-2 mål i siste minutt. Amund Stavem og Ørjan Tangen var målskårarar for heimelaget. Det stod 1-1 ved pause.
Det var en forholdsvis jamnspelt innleiing på kampen, med stillingskrig og få sjansar. Etter 20 minutt har heimelaget ballen i eigen forsvarsone, men ei feilpasning ga Sykkylven ein gratissjanse. Dei lot seg ikke be to ganger, og dermed var gjestane i føringa. Like etter hadde Tore Akselen ein gyllen anledning til å utlikne, men ei feberredning fra keeper avverga skuddet fra kloss hald. Deretter er det Sykkylven som har sin store sjanse i omgangen, då eit passivt forsvar lar ein Sykkylven angripar vandre fra venstrekanten inn mot mål. Avslutninga gjekk i stolpen. Like før pause kom utlikninga. Eit presist hjørnespark frå venstre blei vakkert heada i mål av Amund Stavem.
Etter pausen skjer det same som i første omgang. Nok ein gong gir heimeforsvaret ballen vekk til Sykkylven i eigen sone, og dei er ikkje vonde å be denne gongen heller. Ei flott skudd frå Sykkylven, og gjestane er i leiinga igjen. Etter dette er heimelaget i føringa og produserar mange sjansar, men er lite effektiv, og det blir med Ørjan Tangens mål på eit langskudd. I sluttminuttet blir det derimot Sykkylven som tek siste stikk og scorar seiersmålet etter klabb og babb etter ein dødball.
Ein ny mann i heimeoppstillinga i dag. Vestnes Varfjell har lenge vore interessert i Freddy Nicolaisen frå Måndalen, og han fekk vist seg fram i kveld. Ein fin tilvekst i stallen om han vel å signere.
Trenar Alexander Connor er ikkje fornøgd med kampen. – Første omgang var årsverste frå vår side. Mange feilvurderingar på eigen halvdel, og for lite bevegelse på topp, forklarer Connor. – Andre omgang er betre, og vi skaper egentlig mange nok sjansar til å vinne kampen, men igjen er vi litt for ruskete bakover, avslutter han.
Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Sykkylven 2-3 (1-1)
Treningskamp
Torsdag 15. mars 2012 kl 19.00
Vestnes idrettspark
30 tilskuarar
Mål:
0-1 (20)
1-1 (43) Amund Stavem
1-2 (55)
2-2 (75) Ørjan Tangen
2-3 (90)
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Sondre Akselsen 80.), Freddy Nicolaisen, Vegar Skare - Tore Akselsen Amund Stavem (Marius Ulla 60.), Tommy Kanishi Andreassen