Vestnes Varfjell får ein travel serieinnspurt i 4. divisjon med heile fire kampar ei veke. Årsaken er som kjent at laget har to utsette kampar. Kampen mot Elnesvågen blåste bokstavleg vekk sist fredag, og kjem i tillegg til den frå før utsette heimekampen mot Åndalsnes. Den første av dei fire kampane er bortemøtet med MFK 3 på Aker stadion komandre fredag, resten er heimekampar. Desse må truleg spelast i løpet av fem dagar i neste veke. ÅIF-kampen er beramma til onsdag, berre to dagar før serieavslutninga mot KFK heime. Kampen mot Elnesvågen har enno ikkje fått dato, men måndag er aktuell dag, med mindre Elnesvågen går med på å spele søndag. - Det blir ei beintøff veke for oss med den tynne stallen med har, vedgår Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor.