
Vestnes Varfjell tapte 1-3 borte mot Eidsvåg i 4. divisjon fredag kveld. Sivert Nerheim reduserte til 1-2 for Vestnes Varfjell før pause då han heada vidare eit frispark-innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen. Heimelaget tok ei tidleg leiing på ein corner og auka til 2-0 etter ein kontroversiell situasjon der Vestnes Varfjell vente på at dommaren skulle blåse klarsignal for eit frispark. Vestnes Varfjell stilte med berre 12 mann til kampen og med utespelar Jørgen Hovde i mål. Neste kamp er heime mot Elnesvågen 2 måndag 26. august. Kampfakta:
Eidsvåg - Vestnes Varfjell 3-1 (2-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 16. august 2013 kl 19
Eidsvåg stadion (gras)
Mål:
1-0 (15) Johan Oltedal
2-0 (36) Kim J. Øverås
2-1 (41) Sivert Nerheim
3-1 (61) Robert A. Heggset
Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord
Vestnes Varfjell:
| 12 | Jørgen Liabø Hovde |
| 3 | Yngve Solevågseide |
| 4 | Jo Sigurd Vold |
| 9 | Magnus Nerheim |
| 2 | Kevin Andre Gravdehaug |
| 16 | Sivert Nerheim |
| 91 | Vegar Bjørkevoll Skare |
| 7 | Alexander Kenneth Connor |
| 8 | Tommy Kanishi Andreassen |
| 11 | Amund Stavem |
| 14 |
Ole Gunnar Kjærstad |
| 21 | Nirut Phuangphae Mjøs inn for Gravdehaug etter 63. min |