Det vart i alt registrert 74 deltakarar på Flatevågen Rundt som Vestnes Varfjell arrangerte søndag 24. september. Fleire vart registrert for første gong - med påfølgjande utdeling av bronsemerke. Nokre av dei berre få månader gamle, lik det Ruben Gimmestad Emblem var i 1997 - og som i år fekk gullmedalje for 10 års deltaking - berre 9 år gammal. Edvin Stenødegård er no den einaste som har vore med kvart einaste år sidan 1982. (25 gonger i år.)
Resterande gåvepremiar sponsa av Sparebanken Møre, vart uttrekte frå registreringslista slik:
T-skjorter: Roy Uren, Siv Elin S. Øverås, Guro Elin Vollan, Ingunn Gimmestad.
Treningsbaggar: Berit Stokkeland, Jorunn Øverås Halkjelsvik, Bjørn Sturla Vollan.