
Vestnes Varfjell 2 sleit med å gjennomføre sesongen i
fjor og interessa for å vere med på B-laget har ikkje
auka i løpet av vinteren. At A-laget spelar i 4. divisjon,
der det lov med 7 innbyttarar, vil dessutan gje meir speletid
også for nestbeste enn tilfellet var då laget var i 3.
divisjon.
Dei andre Vestnes-laga, Fiksdal/Rekdal og Tomrefjord, har hamna i
avdeling 2 saman med Bryn, Eidsvåg 2, Ekko/Aureosen, Meek,
Midsund 2, Molde 4 og Rival 2.
Avdeling 1 består av 7 lag frå Nordmøre pluss
Hjelset-Kleive frå Romsdal. Dei andre laga er Eide,
Gry/Kårvåg/Havørn/AK2, Kvass/Ulvungen
2/Søya/Todalen, Nordlandet, Smøla og Øksendal.
Det betyr at i tillegg til Vestnes Varfjell 2 er lag som Batnfjord,
Bjørset, Måndalen 2, Sunndal 2 og Frei borte sidan i
fjor, medan Åndalsnes 2 likevel ikkje blir med slik kretsen
først meldte. Midsund 2 er einaste nye lag.
På kretstinget som startar i Molde 19. februar er ei av
sakene oppstart av 6. divisjon att frå 2011. Dette har
samanheng med forslaget om å spisse 3. divisjon, som vil bety
at 6 lag rykker ned frå 3. divisjon og 7 lag rykker ned
frå 4. divisjon i år. Spørsmålet blir
likevel om det er nok lag til å fordele på to
divisjonar. Med årets påmelding lagt til grunn vil det
gje 12 lag i ny 5. divisjon og berre 10 lag att i ein eventuelt ny
6. divisjon i 2011. Med andre ord må 6. divisjon dermed
spelast som ei avdeling for heile Nordmøre/Romsdal noko som
vil gje lengre reiser for laga.
Les meir om kretstinget her>>