Som vanleg skal me forsøke å halde lesarane orientert om det som skjer rundt om i 4. divisjon i tida fram mot seriestarten til våren. Den kanskje største nyheita denne veka kom frå Elnesvågen 2 på Twitter, der det vart meldt at Elnesvågen vurderer å trekke laget sitt frå 3. divisjon og i staden satse på eit lag i 4. divisjon. Dette vil i tilfelle ta over plassen til Elnesvågen 2, som bergar seg dersom Kvass/Ulvungen gjer alvor av å trekke sitt lag. Truleg kjem det ei avklaring om kva lag som skal spele i 4. divisjon neste år om ikkje så lenge. Malmefjorden/Ekko/Aureosen er neste lag på lista, så følgjer Tomrefjord. Eit par trenaravklaringar: Frits Inge Godø held fram som trenar for Midsund, melder laget på eiga nettside. I Surnadal, som rykka ned frå 3. divisjon, held Webjørn Holten fram som trenar, melder Driva. I 5. divisjon satsar Eide på å nå nye høgder. Stig Roar Søbstad kjem frå AK og skal vere ein av trenarane. Eiit par tidlegare Elnesvågen-spelarar skal også vere klare. Målet er opprykk seier Søbstad i eit intervju med TK etter at han fekk toppskårarprisen for nordmørslaga 3. divisjon. Til slutt litt nytt om bortebanene neste år: Kristiansund FK har inngått avtale med Kristiansund BK og kommunen om å bygge ut Gressbanen til anlegg for toppfotball. Naboklubben Dahle har lagt nytt kunstgras på si bane.
4. divisjon: Trenaravklaringar og mogleg nytt lag
- Detaljer
- Skrevet av: nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter