Gossen, som gjestar Vestnes idrettspark fredag klokk 17, fekk seriekampen sin omgjort til ei treningsøkt søndag. Sunndal 2 kom seg nemlig aldri til Riksfjord stadion. Praksis frå tidlegare i sesongen tilseier dermed tre gratispoeng til Gossen. Dette er den femte kampen i årets 4. divisjon der lag ikkje har møtt og Sunndal 2 har vore involvert i tre av dei. Tabellnabo Træff 2 tapte 0-3 borte mot Dahle 2 slik at det no er ei luke på fem poeng ned til moldelaget.
Gossen har meir om kampen som ikkje vart spelt på sine nettsider >>