Dei fleste lag i 4. divisjon er igang med førebuingane til ein ny sesong, og fleire har nye trenarar på plass. I Dahle har Svein Inge Male tatt over ansvaret for laget som også byr på splitter nytt kunstgras i Dahle idrettspark. Elnesvågen, som trekte laget frå 3. divisjon og i staden overtok plassen til 2.-laget i 4. divisjon, får Kurt Mørkøre som ny hovudtrenar. Færøyingen har tidlegare trent AK og Eide og har også tidlegare vore i apparatet til Elnesvågen. Elles ser Kristiansund FK ut til å vere vinnar på overgangsmarknaden i Kristiansund, der klubbane skal samarbeide slik at dei beste seniorane skal spele for KFK og dei beste juniorane for CFK/KBK 3. Torbjørn Vik (KBK) og  Jonas Eriksen Røe og Espen Belden Gjerde (begge CFK) er nyaste signeringar. Vik har aldersbestemte landskampar og har spelt kampar i 1. divisjon. Før jul skreiv Ronny Svanemsli (også han frå CFK) under. Det er ein spiss som er garantist for mange mål i 4. divisjon. I 5. divisjon er også terminlista klar. Nabo Tomrefjord med tidlegare Vestnes Varfjell-spelar og -trenar Cato Andreassen som sjef, møter Bryn borte. Etter litt fram og tilbake er det klart at Isfjorden som beste nedrykkslag får plassen som vart ledig etter at lag trekte seg (Kvass/Ulvungen i 4. divisjon) etter at Måndalen først feilaktig vart tildelt plassen som best plassert på "venteliste" i 6. divisjon.