Kvass/Ulvungen vil trekke laget sitt frå 4. divisjon og heller stille lag i 6. divisjon neste sesong, skriv Aura Avis. Fråfall av spelarar er årsaken. Laget leia 4. divisjon til sommarferien, men rakna då sentrale spelarar forsvann og kunne mellom anna ikkje stille lag på den oppsette datoen i heimekampen mot Vestnes Varfjell. Dersom Kvass/Ulvungen forsvinn, betyr det at ingen lag rykker ned frå 4. divisjon i år og at Elnesvågen 2 bergar plassen. Dersom dei seier nei er Malmefjorden/Ekko/Aureosen, som vart nummer to i 5. divisjon føre Tomrefjord, neste lag på lista.