Situasjonen i topp og botn er dermed uforandra i 3. divisjon etter kampane i helga. Træff slo KBK 2 heile 7-0 borte i den eine kampen i 3. divisjon som vart spelt søndag. Træff har dermed heng på serieleiar Sunndal som slo Surnadal 4-0 laurdag. Elnesvågen heng også med i toppen etter seier 4-3 i Måndalen, medan botnlaga Midsund og KFK delte poenga etter 2-2 på Otrøya.

Molde 2 - Dahle blir spelt måndag. Vestnes Varfjell har framleis Surnadal to poeng bak sjølv om laget tapte 0-3 mot Rival laurdag. Kampen om den siste trygge plassen ser ut til å stå mellom Vestnes Varfjell og Surnadal. Etter som AK ser ut til å rykke ned frå 2. divisjon blir det minst to lag som må ned. Dersom avdelingsvinnaren i Nordmøre/Romsdal taper opprykskvalifiseringa, må tre lag ned.

Tabell og resultat >>