3. divisjon laurdag: Træff - Surnadal 3-1, Midsund - Sunndal 1-6. I 5. divisjon er Vestnes Varfjell 2 igjen best plassert av laga frå Vestnes kommune - utan å spele!

Kampen Elnesvågen - KFK vart utsett fordi gjestane ikkje hadde nok spelarar tilgjengeleg. Resultata laurdag betyr at situasjonen i toppen er uendra, med Træff to poeng føre Sunndal. Vestnes Varfjell passerte Surnadal og avanserte til trygg plass etter det eine poenget laget sikra seg fredag. Neste laurdag er det Vestnes Varfjell som skal møte Træff i Molde.

Resultat og tabell >>

To kampar i 5. divisjon avdeling 3 vart spelt fredag. Serieleiar Bjørset slo Tomrefjord 7-2, medan Fiksdal/Rekdal slo Meek 7-1. Vestnes Varfjell passerte dermed igjen Tomrefjord på tabellen. Berre målforskjellen skil dei to laga. Tabellen >> Onsdag er det Vestnes Varfjell 2 sin tur til å møte Bjørset. I Rekdal var evigunge Dag Nakken ressigøren bak storsigeren mot Meek. Les meir på Fiks/Rek-sidene >>