NFF offentleggjorde måndag avdelingsoppsettet for 3. divisjon. Etter at Surnadal fekk ein ekstra plass på overtid vart det akkurat nok lag til ei eiga avdeling for Møre og Romsdal, og slik blir det også i 2013 med desse laga: AaFK 2, Sunndal, Surnadal, Elnesvågen, AK, KBK 2, Bergsøy, Herd, Larsnes/Gursken, Hødd 2, Stranda,  Brattvåg Volda og Spjelkavik.  Fart med Marius Ulla og fleire andre tidlegare Vestnes Varfjell-spelar hamna i ei avdeling med to nedrykkslag (Lillehammer og Brumunddal), men også med fire opprykkslag. Sjå alle avdelingar her.