Omsider har fotballforbundet sett opp avdelingane for 3. divisjon i 2012 og igjen blir det rein fylkesserie for Møre og Romsdal med desse laga: Herd (ned frå 2. divisjon), Skarbøvik, Sunndal, Elnesvågen, Hødd 2, Bergsøy, Volda, Stranda, Averøykameratene, Brattvåg, Surnadal, Larsnes/Gursken, Dahle (opp frå 4. div) og Hareid (opp frå 4. div). Alle avdelingane finn du her.

Det har vore frykt for at laga i fylket ville bli splitta fordi det vart veldig mange lag frå Trøndelag, men dette vart løyst ved at lag frå Trøndelag blir sendt til Austlandet.

I år vart det akkurat 14 lag frå Møre og Romsdal fordi Larsnes/Gursken berga seg på overtid. Om det blir slik også i framtida er usikkert sidan det berre kjem to lag opp frå 4. divisjon i Møre og Romsdal mot tre lag ned frå 3. divisjon. I Trøndelag rykker heile fire lag opp frå 4. divisjon.