Dahle rykker ned i 4. divisjon etter ein sesong i 3. divisjon. Det vart klart etter at laget i dag tapte 3-6 borte mot Larsnes/Gursken. Surnadal må håpe på eit mirakel for å berge plassen etter at dei tapte 1-6 heime mot Herd. Samtidig kan me gratulere Skarbøvik med opprykk til 2. divisjon. Tabell>> At to lag frå Nordmøre/Romsdal rykker ned frå 3. divisjon vil samtidig bety at tre lag rykker ned frå 4. divisjon. Der har idag Kvass/Ulvungen slått Molde 3 3-1, medan KFK - Eidsvåg endte 3-3. Tabell>> Eit lite blikk over fjellet til Sunnmøre: Der berga Skodje plassen i 4. divisjon i dag etter seier 2-1 mot Langevåg. Langevåg, som har vore fast treningsmotstandar for Vestnes Varfjell dei siste åra, må ta den tunge vegen ned i 5. divisjon. Spjelkavik, som Vestnes Varfjell slo klart i vinter, rykker opp. Vi gratulerer også ein annan nabo over fjellet, Stordal, med opprykk til 4. divisjon! Nordover: Johnny Nerbø og Mjølner lever framleis farleg i 2. divsjon etter bortetap mot Finnsnes laurdag.