Både Bygdebladet og Vestnesavisa har fyldig dekning av kvalifiseringskampen laurdag. Bygdebladets fotograf Edmund Melkild har mellom anna eit bilde som viser korleis Trond Klosket vart tatt krokfot på i den avgjerande straffesituasjonen. Om kampen seier Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor: - Vi opna dårleg, men i motsetning til første oppgjeret greidde vi å fullføre skikkeleg denne gongen. Elles har begge avisene litt om utsiktene til neste sesong. Connor meir enn antydar overfor Bygdebladet at han vil halde fram som hovedtrenar samtidig som han tar seg av G16. Frå dette laget har fleire spelarar alt fått sin debut denne sesongen. - Dei kan også utvikle seg mykje med god trening gjennom vinteren, og vi skal nok greie å bite godt frå oss neste år, seier Connor. Og kanskje blir laget i tillegg vesentleg forsterka. Vestesavisa skriv nemleg at Karl Arne Stokkeland (KFK), Marius Ulla (som har spelt i Ørsta i haustsesongen) og Ørjan Tangen (kvileår) er på ønskelista, i tillegg til ÅIFs toppskårar Markus Brudeset. Brudeset trente med klubben også før denne sesongen, men ein overgang vart stoppa då.