Statistikken for 2015-sesongen er no ajourført, og den viser at berre ein spelar var på banen i samtlege kampar i årets 4. divisjon. Målvakt Adrian Gabrielsen noterte seg for 22 spelte kampar. Berre i heimekampen mot Dahek måtte han ut grunna ein smell i hovudet. Gabrielsen vart både årets spelar og årets unge spelar i fjor.  I år måtte han sjå 84 ballar bak seg i nota, men ansvaret for dette må nok spelarane framom han først og fremst ta. 84 innslepte er for øvrig ny negativ rekord for Vestnes Varfjell. Den førre var frå 2007, då laget hadde 71 baklengs i 3. divisjon. Sivert Nerheim kom nærast Gabreilsen med 21 kampar. Årets toppskårar vart som kjent Elling Olafsen med 15 mål, noko som også gir ein respektabel 5. plass i 4, divisjon. Amund Stavem kom sterkt mot slutten og stoppa på åtte fulltreffarar. Totalt skåra laget 52 mål, 6. beste av alle laga i divisjonen. 25 spelarar noterte seg for kampar for Vestnes Varfjell i årets 4. divisjon. SJÅ HEILE STATISTIKKEN HER