A-laget: Uavgjort i toppkampen (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
Skrive av nettredaksjonen/Asbjørn Vik (foto)   
fredag 04. mai 2012 20:54
Kanishi, Aarø, Male. Foto: Asbjørn Vik
Kanishi, Aarø, Male.
Vestnes Varfjell spelte uavgjort 2-2 mot Molde 3 i 4. divisjon fredag kveld. Tommy Kanishi Andreassen gav heimelaget leiinga på ei flott kontring (video ) før Molde 3 gjekk opp i 2-1. Svein Erik Lange Male utlikna rett etter pause (video ), og stillinga heldt seg kampen ut. Eit greit resultat. Heimelaget hadde ei viss føring i andre omgang, men mot slutten kunne kampen ha bikka begge vegar. Rundt 100 tilskuarar såg kampen i Vestnes idrettspark. Kampfakta her


{seyretpic id=1510 align=right}Begge måla til heimelaget var av den fine sorten. 1-0 kom etter 16 minutt då Tommy Kanishi både starta og avslutta ei kontring. Same mann la også frisparket som Svein Erik Lange Male raga høgast på og heada over keeper like etter pause. Då hadde Molde 3 tatt leiinga etter to mål av Oddne Bakken. Begge kom på skot frå kloss hald, det første etter nølande forsvarsspel av Vestnes Varfjell, det andre etter fint kombinasjonssjel.

 

{seyretpic id=1511 align=right}Sjå video av alle skåringane i VarfjellTV ved å klikke på bilda. Fotograf er som alltid Asbjørn Vik.

 

 

Uavgjort var eit greit nok resultat, men heimelaget var kanskje nærast alle tre poenga. Vestnes Varfjell hadde mellom anna ei dobbeltsjanse som kunne ha avgjort kampen i andre omgang. Elling Olafsen kåra til bestmann i kveld. Neste kamp er mot Eidsvåg borte om ei veke.

{seyretpic id=1512 align=right}

 

Kampfakta

Vestnes Varfjell – Molde 3 2–2 (1-2)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 4. mai 2012 kl 19

Vestnes idrettspark

Mål: 

1–0 (16) Tommy Kanishi Andreassen
1–1 (20) Oddne Bakken
1–2 (28) Bakken
2–2 (50) Svein Erik Lange Male
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Bryn.

 

 

 

 

Kampfakta

Vestnes Varfjell - Molde 3 2 - 2

Pauseresultat:
1 - 2
Dato: fredag 4. mai 2012 kl. 19:00
Tilskuere: 90
Assistentdommer 2: Torbjørn FrostadFiksdal/Rekdal BK
Kampnummer: 15120401016

Kampreferat

50 Spillemål Svein Erik Lange Male
50 Bytte inn Magnus Nerheim
50 Bytte ut Per Kristian Nakken
43 Bytte inn Asgeir Salamonsen
43 Bytte ut Odne Klemetsen Bakken
30     Andre Bekkevold Sande
30 Advarsel Andre Bekkevold Sande
28 Spillemål Odne Klemetsen Bakken
24 Advarsel Ørjan Tangen
20 Spillemål Odne Klemetsen Bakken
16 Spillemål Tommy Kanishi Andreassen
16 Bytte inn Marius Ulla
16 Bytte ut Magnus Nerheim
9 Bytte inn Magnus Nerheim
9 Bytte ut Marius Ulla
      Andre Bekkevold Sande




 

Sist oppdatert søndag 06. mai 2012 01:12