Matchreport: 9. runde - fredag, 20 juni 2008 - 19:00 h |
![]() |
![]() |
|
Gossen | vs | Vestnes Varfjell |
1 | 2 |
(1 : ) | (0 : ) |
Match details
Match Date: fredag, 20 juni 2008 | ||
Match Time: 19:00 h | ||
Referee: Roger Hagbø | ||
Attendances : 52 |
Starting line up
MÃ¥lvakt | |
|
|
Forsvar | |
|
|
Midtbane | |
|
|
Angrep | |
|
Substitutes
|
|
Events
|
Summary |
Etter ein tung periode i serien kom endeleg seieren att for Vestnes Varfjell i 4. divisjon. Laget låg lenge under etter ei straffeskåring før pause, men to seine skåringar av Simen Brennvik og Ronny Leikarnes sikra ein fortent seier. Særleg etter pause var dei marineblå overlegne i sjanseprotokollen. - Stor innsats av alle gjorde at vi vann denne kampen, fortel oppman Einar Helge Brennvik vil varfjell.no. Sjå video av måla>>
Vestnes Varfjell opna best i kraftig regn og motving på Riksfjord stadion. Laget greide likevel ikkje å omsette overtaket i skåringar. I staden let dei Gossen komme inn i kampen. Etter ein halvtime fekk vertane eit straffespark som ikkje alle med Vestnes Varfjell-auge såg like godt. Sivertsen redda først, men kunne ikkje hindre returen. Sjå video her >> ikevel 1-0 til Gossen ved pause. Eit skot i stolpen frå Tommy Kanishi var det næraste Vestnes Varfjell kom skåring i første omgang, i tillegg hadde laget eit mål annulert for offside. Vestnes Varfjell bestemte seg for å gå hardt ut etter pause, men no hadde vinden løya. Etter kvart blåste vinden bokstavleg talt Vestnes Varfjell sin veg. Men det drøya lenge før laget fekk utteljing. 41 minutt var spelt då Simen Brennvik var frampå og sette inn utlikninga etter eit frirspark. Dei fleste belaga seg no på uavgjort, men like før slutt dukka den gamle storskåraren Ronny Leikarnes opp. Frå hjørnet av 16-meteren sendte han i veg eit skot/innlegg som gjekk forbi alle og i mål. Vestnes Varfjell hadde mange forfall til kampen, mellom anna måtte omtrent heile forsvaret setjast på nytt etter at Bjørn-Vegard Løvik (skade), Per Kristian Os Nakken (skade) og Nirut Mjøs ikkje kunne vere med, i tillegg til spelande trenar Alexander Connor. Martin Lange Sylte måtte ut med skade alt etter 35 minutt, men innbyttar Thomas André Brastad gjorde jobben som erstattar.
- Dei som fekk sjansen, tok vel vare på den, seier Brennvik.
Gossen om kampen>> Vestnes Varfjell 4-3-3: Marius Sivertsen, Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Martin Lange Sylte (Thomas André Brastad 35.) - Jakob Talberg (Vegard Ellingseter 80.), Tore Akselsen, Elling Olafsen (Jørgen Gravdehaug 85.) -Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes, Frank Nakken.
Foto og video: Asbjørn Vik |