Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Midsund stadion laur., 22. okt. 2022 15:00
Midsund
Midsund
5-1 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark laur., 15. okt. 2022 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-0 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 74 56
2 Surnad. 22 18 46
3 Tomref 22 9 40
4 Sunndal 22 17 36
5 Dahle 22 18 35
6 Træff2 22 11 32
7 Eide 22 -7 31
8 Varfjell 22 -3 26
9 Midsund 22 -29 21
10 ÅIF 22 -13 20
11 Malmefj. 22 -49 18
12 KFK 22 -46 14

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022 Skriv ut
Matchreport: 19. serierunde - fredag, 30 september 2022 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Sunndal
0 3
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 30 september 2022
Match Time: 19:00 h
Attendances : 125

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 65 ::Knut Stian Eik
Juan Rikard Larsen Substitution min 70 ::Cédrik Andreassen
Ørjan Tangen Substitution min 77 ::Tor-Bjarne Løvik Salte
Lucas Pedersen Våge Gult kort Min. 76 ::
Svein Erik Lange Male Gult kort Min. 75 ::
Knut Stian Eik Gult kort Min. 22 ::
Ørjan Tangen
Mål Min. 80 ::
Mål Min. 77 ::
Mål Min. 2 ::
Gult kort Min. 60 ::

Events

Mål
• 80' (0-3, Eskil Lie)
• 77' (0-2, Tor Erik Torske)
• 02' (0-1, Oliver Lie)
Gult kort
• 60' (Oliver Lie)

Summary
fredag 30. september 2022 20:46

(Vestnes Varfjell - Sunndal 0-3) Vestnes Varfjell låg under alt før kampen eigentleg skulle ha starta og kom seg aldri skikkelig inn i oppgjeret då godt plasserte Sunndal gjesta Vestnes idrettspark fredag.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Kampen starta nemleg fem minutt for tidleg for at gjestar og dommartrio skulle rekke 21-ferga. Sunndal takka for gjestfriheita med å gå rett i angrep. Berre to minutt var spelt få Oliver Lie vart spelt igjennom og sette inn kampens første mål. Lenge såg det også ut til å bli det einaste i kampen, men på slutten plussa gjestane på med to til då heimelaget prøvde på ein sluttspurt for å berge uavgjort.

Det tidlege leiarmålet sette sitt preg på kampen. Sunndal fekk ligge og kontrollere og dei skapte også dei største sjansane. I første omgang hadde dei også eit frispark som gjekk i stolpen. Vestnes Varfjell skapte berre eit par sjansar, nærast var Amund Stavem med eit godt skot like utanfor midvegs og Adrian Kosinski som heada like utanfor fem minutt før pause.

Andre omgang vart mykje lik den første. Sunndal prøvde seg med langskot, men hadde stilt siktet mange knepp feil og ballen var nærare Flatevågen enn mål. Målvakt Owen Connor rydda også opp eit par gongar. Vestnes Varfjell greide sjeldan å spele seg igjennom i andre enden, men kunne kanskje hatt straffespark då Håvard Haugli Nybråten vart dratt ned etter 58 minutt.

Kvarteret før slutt fekk Sunndal uttelling då dei spelte seg fri på høgrekanten og fekk avslutte upressa etter innlegg framom mål. Betre vart det ikkje då Owen Connor ikkje greide å halde ballen fem minutt seinere og den tidlegare eliteserieproffen Tor Erik Torske takka for gåva og sette ballen i mål. Kanskje kunne det ha vore blåst for angrep på keeper? Uansett 0-3, og då heller ikkje Elling Olafsen sitt trøstemål vart teljande etter ein truleg hårfin offside, var kvelden heilsvart for dei mørkeblå.

Det mest positive denne fine haustkvelden var publikumsoppmøtet. Godt over hundre tilskuarar hadde tatt vegen til Vestnes idrettspark for å sjå 4.-divisjonsfotball. Forhåpentlegvis kjem dei fleste att neste fredag då nok eit topplag frå Nordmøre kjem på besøk, nemleg Dahle. Også helga etter er det heimekamp, igjen med topp motstand frå Nordmøre i andreplasserte Surnadal. Sesongen blir avslutta borte mot Midsund.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Sunndal 0-3 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 30. september 2022 kl 18.55

Vestnes idrettspark, 125 tilskuarar

Mål:

0-1 (2) Oliver Lie

0-2 (72) Eskil Lie

0-3 (80) Tor Erik Torske

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Ørjan Tangen, Knut Stian Eik

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Knut Stian Eik 65.), Ørjan Tangen (k) (Cédrik Ronnie Hellström Andreassen 70), Svein Erik Lange Male, Lucas Pedersen Våge (Thor-Bjarne Løvik Salte 77.) - Vegar Skare, Amund Stavem (k 2. omg), Oliver Connor Søreng - Håvard Haugli Nybråten, Elling Olafsen, Adrian Kosinski

Kostbar tjuvstart då Varfjell skuffa på heimebane PDF Skriv ut E-post