Â
Â
Â
Vestnes Varfjell - Midsund 3-1 (1-1). Mål av Håvard Nybråten, Adrian Kosinski og Oliver Connor Søreng sikra seier fredag. Laga hadde kvar sin omgang i sommarvarmen i Vestnes idrettspark.
Â
VarfjellTV: SJÃ… HEILE KAMPEN I OPPTAK
Â
BILDEGALLERI HER
Â
Â
Midsund opna sterkast og tok ei tidleg leiing då Elias Rakvåg Vangen fekk stå aleine på ti meter og trille ballen inn ved stolpen. Gjestane lukkast med pasninssepelet og Vestnes Varfjell vart springane mykje imellom i første del av kampen. Laget frå Otrøa hadde også sjansar til å auke leiinga, før heimelaget spelte seg meir inn i kampen. Vestnes Varfjell fekk si utlikning før pause. Håvard Nybråten kom seg fri på høgrekanten og avslutninga sat kontant i nettaket. Emil Sjøvik var like etterpå frampå for gjestane, men skaut utanfor. 1-1 ved pause.
Â
Trenar Alexander Connor må ha lukkast med pausepraten, for det det var eit meir tent heimelag som entra banen for andre halvdel. Berre fem minutt var spelt då laget varta opp med eit mønsterangrep. Håvard Nybråten tredde til slutt igjennom Adrian Kosinski som avslutta med eit skot forbi keeper. Så var Nybråten på farta, men keeper kom ut og redda.
Â
Kvarteret før slutt vart kampen endeleg avgjort då Varfjell fekk frispark på 20 meter. Oliver Connor Søreng stilte inn frisparkfoten og sendte ballen presist over muren og i mål til 3-1.
Â
Midsund hadde også sine forsøk, men målvakt Owen Connor stoppa det som kom. Dermed kunne A-laget ta sommarferie med grillmat og ei lita luke til den verste botnstriden.
Â
Neste kamp etter ferien er borte mot nabo Tomrefjord, laurdag 13. august.
Â
Â
KAMPFAKTA
Vestnes Varfjell - Midsund 3-1 (1-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 1. juli 2022 kl 19
Vestnes idrettspark - 100 tilskuarar
MÃ¥l:
0-1 (9) Elias Rakvåg Vangen
1-1 (38) Håvard Nybråten
2-1 (50) Adrian Kosinski
3-1 (73) Oliver Connor Søreng
Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Assistentdommarar: Atle Engen, Hovdebygda og Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen
Gult kort: Elias Rakvåg Vangen (69) og Arnt Erik Brakstad (73), begge Midsund
Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Håkon Kjørvik (Juan Richard Larsen 75.), Ørjan Tangen (k), Liam Connor, Lars-Helge Lien - Oliver Connor Søreng (Vegar Skare 76.), Amund Stavem, Tor-Bjarne Løvik Salte (Svein Erik Lange Male 85.)- Håvard Nybråten, Elling Olafsen (Jarle Løvik Salte 81.), Adrian Kosinski (Dag Christian Maier 88.)
Â
|