Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022 Skriv ut
Matchreport: 4. serierunde - fredag, 13 mai 2022 - 19:00 h
Kristiansund FK vs Vestnes Varfjell
1 4
(1 : ) (2 : )

Match details

Match Date: fredag, 13 mai 2022
Match Time: 19:00 h

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Mål Min. 44 ::
Gult kort Min. 70 ::
Gult kort Min. 67 ::
Gult kort Min. 65 ::
Gult kort Min. 60 ::
Gult kort Min. 45 ::
Rødt kort Min. 12 ::

Substitution min 62 ::Elling Olafsen
Knut Stian Eik Substitution min 88 ::Dag Christian Maier
Håvard Nybråten Substitution min 88 ::Airidas Skirgaila
Håvard Nybråten Mål Min. 86 ::
Elling Olafsen Mål Min. 67 ::
Adrian Kosinski Mål Min. 32 ::
Liam Connor Mål Min. 27 ::
Tor-Bjarne Løvik Salte Gult kort Min. 83 ::
Tor-Bjarne Løvik Salte

Events

Mål
• 44' (1-2, Ali Hamindi, straffespark)
Gult kort
• 70' (Aleksander Heggemsnes)
• 67' (Henrik Kleivenes)
• 65' (Adrian Ulseth)
• 60' (Filip Flemmen)
• 45' (Sverre Lervik)
Rødt kort
• 12' (Anders Gausen)

Summary

Sjansebonanza og årets første seier mot ti mann

fredag 13. mai 2022 20:45

(KFK/CFK - Vestnes Varfjell 1-4) Mål av Tor-Bjarne Løvik Salte, Liam Connor, Adrian Kosinski og Elling Olafsen sytte for at Vestnes Varfjell tok årets første trepoengar då laget møtte KFK/CFK i Kristiansund fredag. Gjestande styre det meste av kampen etter at heimelaget vart redusert til ti mann alt etter 12 minutt. Særleg i andre omgang dominerte Vestnes Varfjell stort og brente ei rekke sjansar utanom dei som resulterte i skåringar.

Kampen opna med ein stor sjanse til kvart av laga. For Varfjell var Liam Connor nærme etter eit frispark som endte i retur frå keeper.

12 minutt var spelt på Kristiansund stadion då situasjonen som sette sitt preg på resten av kampe skjedde. Adrian Kosinski var på veg igjennom då KFK-målvakt Anders Gausen tok ballen med hendene utanfor eigen 16-meter. Dermed raudt kort og heimelaget måtte spele resten av kampen med ein spelar mindre. Frisparket som vart dømt vart sett like utanfor krysset av Oliver Connor Søreng. (SJÅ VIDEO AV FRISPARKET HER)

Med ein mann meir på banen, tok Vestnes Varfjell over. Adrian Kosinski lobba over som ein forsmak på det som skulle komme. Etter 27 minutt sat endeleg ballen i mål. Tor-Bjarne Løvik Salte var på rett plass på bakre stolpe etter innlegg frå Lars-Helge Lien. Så var det Håvard Nybråten sin tur, men skotet gjekk hardt rett på keeper. 0-2 kom likevel etter ein halvtime. Eit lurt frispark-trekk endte med innlegg frå Stavem til Liam Connor som sette ballen i mål.

Heimelaget hadde nokre spede forsøk i andre enden  og Owen Connor måtte varte opp med ei feberredning. Reduseringa kom likevel like før pause etter det som truleg var ei halding på innlegg inn i feltet. Ali Hamodi sytte før at det sto 1-2 då laga gjekk til pause.

Andre omgang vart stort sett einvegskøyring mot KFK-målet. No fekk Varfjell verkeleg fart på angrepsspelet noko som også gav heimelaget mange gule kort for etterslengar. 1-3 kom likevel ikkje før ein time var spelt då Adrian Kosinski runda keeper og sette ballen i mål. Nybråten og Salte hadde begge skotforsøk frå kloss hald, men traff berre keeper. Svein Erik Lange Male heada i stolpen etter ein corner. Elling Olafsen skapte to-tre gode sjansar som innbyttar før han endeleg kunne sette inn sesongens første skprng. Skotet frå hjørnet av 16-meteren smatt inn helit nede ved stolperota. Dermed endte kampen 1-4, og som i fjor kom årets første seier på Kristiansund stadion.

Amund Stavem var kampens store spelar. Kapteinen for kvelden var høgt og lågt og arkitekten bak det eine angrepet etter det andre med sin presise pasningsfot.

– Det løyste seg for oss offensivt, det var det som gjorde utslaget, seier trenar Alexander Connor til Vestnesavisa.

Neste kamp er heime mot Træff 2 måndag 23. mai.

KAMPFAKTA

KFK/CFK - Vestnes Varfjell 1-4 (1-2)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 13. mai 2022 kl 19

Kristiansund stadion 45 tilskuarar (5 Vestnes)

Mål:

0-1 (27) Tor-Bjarne Løvik Salte

0-2 (32) Liam Connor

1-2 (44) Ali Hamonid, straffespark

1-3 (67) Adrian Kosinski

1-4 (86) Elling Olafsen

Dommar: Simon Sandvik, Elnesvågen

Raudt kort: Anders Gausen, KFK/CFK (12)

Gult kort: Tor-Bjarne Løvik Salte (83), 5 til KFK/CFK

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Rikard Larsen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Lars-Helge Lien - Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem (k), Oliver Connor Søreng - Håvard Nybråten (Airilas Skirgaila 88.), Knut Stian Eik (Elling Olafsen 62.), Adrian Kosinski (Dag Christian Maier 88.)