Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2016 Skriv ut
 Matchreport: 13. serierunde - fredag, 12 august 2016 - 19:00 h
Tomrefjord vs Vestnes Varfjell
5 1

Match details

Match Date: fredag, 12 august 2016
Match Time: 19:00 h

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Timeline

    Substitution min 57 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Juan Rikard Larsen <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Azim Ahmadi Substitution min 88 ::<img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/in.png' />Jørgen Hovde <br> <img src='/fotball/media/com_joomleague/event_icons/out.png' />Ole Gunnar Kjærstad Mål Min. 36 ::<br />Elling Olafsen

    Events

    Mål

       Summary

      Tapte i regnkamp mot Tomrefjord

      PDF Skriv ut E-post
      Skrive av administrator
      fredag 12. august 2016 19:27

      Vått også i pausen uten garderobe å trekke inn i. Foto: Asbjørn Vik Vestnes Varfjell var ute etter å revansjere 0-7-tapet frå i vår, men tapte igjen for naboen då dei gjesta søkkvåte Tomrefjord stadion fredag kveld. Til slutt sto det 5-1 etter 3-1 ved pause. Fortent seier naturlegvis, men Vestnes Varfjell hang betre med enn det sluttresultatet viser. Etter ei mållaus innleiing på kampen tok heimelaget leiinga med to kjappe mål midtvegs i første omgang. Elling Olafsen reduserte ein gong på straffespark. Tomrefjord var einaste lag som skåra i andre omgang, der siste skåringa kom på overtid. Vertane brente også eit straffespark i kampen. Åndalsnes heime er neste kamp. VarfjellTV: Sjå heile kampen Foto/video: Asbjørn Vik | Kampfakta

       

       

      Kort oppsummert om kampen:

      Jamn start med nokre halvsjansar til begge lag. Amund Stavem var nære ved å snappe opp ei tilbakeheading medan Sivert Nerheim skaut over frå god posisjon. I andre enden rydda Adrian Gabrielsen opp eit par gongar.

      19 min: 1-0 på fint gjennomspel frå tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Jørgen Gravdehaug. Ken Robin Hildre med dragning og skot forbi keeper.

      22 min: 2-0 ikkje lenge etterpå. Kenneth Eik Frostad lurer seg forbi backen og set ballen i mål mellom keeper og stolpen.

      28 min: 3-0 Frostad igjen. denne gongen etter fint framspel frå Simen Djupvik og skot oppe i hjørnet.

      30 min: Elling Olafsen med skot like utanfor

      36 min: 1-3 Elling Olafsen fintar ut keeper og reduserer på straffe etter at Vegar Skare vart felt. Like etterpå brenner Tomrefjord straffe i andre enden.

      Overvatn og slitne bein gjorde at andre omgang ikkje vart like finspelt. Dei første Varfjell-sjansane kom ved Elling Olafsen som skaut over etter ein corner før Amund Stavem heada rett på keeper. Midtvegs i omgangen hadde Svein Erik Lange Male eit skot over etter at eit frispark kom i retur. Like etter hadde Tomrefjord to gode sjansar, men igjen rydda Gabrielsen opp.

      Først heilt på slutten skjedde det ting, dessverre i feil ende. Først vart ein corner flikka i mål før eit innlegg på bakre stolpe vart ekspedert inn til seier 5-1. Gunnar V Lid og Erlend Søberg målskårarar.

      Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

      Tilskuarar 100

      Laget: Adrian Gabrielsen; Justin Sætre, Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Vegar Skare, Ole Gunnar Kjærstad (Jørgen Hovde 88) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Juan Rikard Larsen 57.)