Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2015 Skriv ut
Matchreport: 6. serierunde - laurdag, 30 mai 2015 - 15:00 h
Vestnes Varfjell vs Dahle
3 0

Match details

Match Date: laurdag, 30 mai 2015
Match Time: 15:00 h

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 64 ::Sivert Nerheim
Adrian Gabrielsen Substitution min 79 ::Jørgen Hovde
Adrian Liabø Substitution min 80 ::Juan Rikard Larsen
Azim Ahmadi Substitution min 88 ::Alexander Connor
Trond Klokset Mål Min. 80 ::
Elling Olafsen Mål Min. 68 ::
Magnus Nerheim Mål Min. 49 ::
Magnus Nerheim

Events

Mål

Summary
Nerheim-dobbel og ny seier PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator
søndag 31. mai 2015 13:25

Vestnes Varfjell tok sin andre seier på rad og heldt "nullen" for første gong i år då Dahle vart slått 3-0 i Vestnes idrettspark laurdag. Etter ein mållaus førsteomgang fann Magnus Nerheim nettmaskene to gongar etter pause. Elling Olafsen sette inn 3-0. Vestnes Varfjell brente også eit straffespark. Vestnes Varfjell måtte avslutte med tspelar Thomas Brastad i mål etter at Adrian Gabrielsen fekk seg ein smell. Brastad, som har stått i mål tidlegare, løysten den jobben utan problem. Kampen var jamn lenge, men Vestnes Varfjell festa grepet utover i andre omgang. Ein god lagseier, der Trond Klokset var tilbake og styrte på midtbana. - Eg følte at me hadde grep på kampen, og at det var ein fortent seier. Magnus jobbar godt og Trond stabiliserer mellomrommet, sa trenar Knut Øyvind Hoem etter kampen.

Bildegalleri | Dahle om kampen | Tidens Krav om kampen

Dahle kom til Vestnes utan poeng så langt, men opna friskt og skapte den første store sjansen. Gabrielsen redda skotforsøket. I andre enden hadde Elling Olafsen eit godt forsøk etter 12 mintt. 28 minutt var spelt då Olafsen fann Azim Ahmadi føre mål, men avslutninga gjekk i stolpen og ut. Ole Gunnar Kjærstad avslutta første omgang med eit skot som keeper redda. Dahle ropte også på straffe midtvegs i omgangen, medan begge lag hadde gode forsøk avvinka for offside.

Vestnes Varfjell tok meir over etter pause og 1-0 kom då Magnus Nerheim vart spelt fint igjennom og avslutta med skot forbi keeper. Like etter avslutta Kjærstad eit angrep med skot på keeper. Så kom ein trippelasjanse med redning på strek og ein muleg hands utan at dommaren reagerte.

Så kom situasjonen der Gabrielsen vart skada. Det skjedde i ein duell med ein Dahle-angripar etter at linjemann Svale Leren hadde vinka for offside. Gabrielsen spelte litt vidare, men var litt "groggy" og gjekk av bana. Forehåpentlegvis er han snart tilbake.

Med Brastad som einaste reseverløysing i buret, måtte Klokset flyttast ned som midtstoppar. Det svekka ikkje heimelaget og Magnus Nerheim sette kontant inn sitt andre mål for dagen. Så fekk heimelaget straffespark, men keeper redda forsøket frå Svein Erik Lange Male. Ti minutt før slutt kom likevel 3-0 ved toppskårar Elling Olafsen.

Neste kamp er borte mot Træff 2 søndag 7. juni.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Dahle 3-0 (0-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 30. mai 2015 kl 15

Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar

Mål:

1-0 (49) Magnus Nerheim

2-0 (68) Magnus Nerheim

3-0 (80) Elling Olafsen

Dommar: , Spjelkavik

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen (Sivert Nerheim 64.); Preben Hovde, Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad, Adrian Liabø (Jørgen Hovde 79.) - Ole-Gunnar Kjærstad,Trond Klokset (Alexander Connor 88.), Magnus Nerheim - Amund Stavem, Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Juan Larsen 80.)