Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2015 Skriv ut
Matchreport: 18. serierunde - søndag, 20 september 2015 - 14:45 h
Vestnes Varfjell vs Træff 2
5 3
(3 : ) (3 : )

Match details

Match Date: søndag, 20 september 2015
Match Time: 14:45 h

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 73 ::Trond Klokset
Adrian Liabø Substitution min 79 ::Sindre Sogge Heggen
Alexander Connor Substitution min 87 ::Thomas André Brastad
Juan Rikard Larsen Mål Min. 90 ::
Sivert Nerheim Mål Min. 56 ::
Magnus Nerheim Mål Min. 29 ::
Sivert Nerheim Mål Min. 22 ::
Adrian Liabø Mål Min. 6 ::
Adrian Liabø Gult kort Min. 56 ::
Magnus Nerheim Gult kort Min. 37 ::
Svein Erik Lange Male
Mål Min. 45 ::
Mål Min. 37 ::
Mål Min. 31 ::
Gult kort Min. 70 ::

Events

Mål
• 45' (3-3, A Åbelvold)
• 37' (3-2, T Larhammer)
• 31' (3-1, Ø Øverås)
Gult kort
• 70' (P W Olsen)

Summary
Tre nye poeng og førebels farvel til botnstriden PDF Skriv ut E-post rediger
Skrevet av nettredaksjonen
søndag 20. september 2015 19:41

Embedded image permalinkVestnes Varfjell tok eit nytt og langt steg mot 4.-divisjonsspel også neste sesong etter at laget slo tabellnabo Træff 2 5-3 i Vestnes idrettspark søndag. Laget tok leiinga 3-0 tidleg etter to skåringar av Adrian Liabø og eitt av Sivert Nerheim, men moldenserane kom tilbake og ved pause sto det likt - 3-3.  I andre omgang var det berre heimelaget som makta å skåre, eitt kvar av brørne Magnus og Sivert Nerheim, og dermed vart alle poenga igjen på Vestnes. Dei to var også kampens store spelarar, saman med Amund Stavem som var tilretteleggar ved fleire av skåringane. Avsutningsegenskapane var den avgjernade skilnaden på laga i ein jamnspelt kamp.

Vestnes Varfjell opna best og alt etter fem minutt låg ballen i nota etter at Adrian Liabø var på rett plass på bakrte stolpe etter at  Sivert Nerheim fekk tuppa ballen i duell med ein Træff-spelar. Liabø vart tomålsskårar då han sette inn 2-0 kvartert seinare etter pasning frå Amund Stavem. 3-0 var omgangens flottaste. Amund Stavem gjekk gjekk gjennom heile Træff-forsvaret før han tima framspelet perfekt til Sivert Nerheim som sette ballen forbi keeper. Tre mnål på tre sjansar var god uttelling.

På 3-0 er kampar ofte avgjort, men ikkje for årets Vestnes Varfjell-lag. Som mot Frei i forrige heimekamp, då laget leia 2-0, kom motstandarane sterkt tilbake. Først fekk ein Træff-spelar stå aleine og sette inn, så gjekk eit frispark frå 17 meter rett forbi muren og i mål og rett før pause var laga like langt etter "klabb og babb" framom mål.

Træff 2 hadde tre store sjansar rett etter pause, medan heimelaget var nære på eit frispark der ballen vart rydda unna på strek. Det unge moldelaget hadde ballen mykje, men Vestnes Varfjell var igjen farlegast framover. Ti minutt var spelt då laget var i føringa att. Amund Stavem var igjen tilretteleggar, denne gongen for Magnus Nerheim som sette ballen i mål frå kloss hald.

4-3 sto seg lenge og spenninga varte heilt til siste minutt av ordinær speletid. Då sørga ein brødrekombinasjon for at seieren definitivt vart sikra. Magnus Nerheim serverte Sivert Nerheim som sette ballen forbi keeper.

Heimelaget kunne dermed juble for nye poeng. Laget er no utan tap på dei fire siste kampane og har komme seg unna den verste nedrykksstriden. Truleg blir det kvalifisering på laget som endar heilt sist, med mindre KBK 2 skulle rykke ned frå 3. divisjon. Då blir det direkte nedrykk på laget som endar sist og kvalik på 11.-plassen.

Neste kamp er mot Sunndal borte.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Træff 2 5-3 (3-3)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Søndag 20. september 2015 kl 14.45

Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 (6) Adrian Liabø

2-0 (22) Liabø

3-0 (29) Sivert Nerheim

3-1 (31) ø Øverås

3-2 (37) T Larhammer

3-3 (45) A Åbelvold

4-3 (56) Magnus Nerheim

5-3 (90) Sivert Nerheim

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: Svein Erik Lange Male (37) og Magnus Nerheim (56), P W Olsen, Træff 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Preben Hovde, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Sindre Sogge Heggen 79.) - Juan Rikard Larsen (Thomas André Brastad 87.), Amund Stavem, Adrian Liabø (Trond Klokset 73.)