Banner

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2015 Skriv ut
Matchreport: 15. serierunde - fredag, 28 august 2015 - 19:00 h
Midsund vs Vestnes Varfjell
2 5
(1 : ) (2 : )

Match details

Match Date: fredag, 28 august 2015
Match Time: 19:00 h
Attendances : 40

Extra info

Weather: dry
Fieldcondition: normal

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Mål Min. 67 ::
Mål Min. 42 ::
Gult kort Min. 81 ::

Substitution min 46 ::Trond Klokset
Yngve Solevågseide Substitution min 46 ::Adrian Liabø
Karl-Edvard Bredeli Substitution min 82 ::Preben Hovde
Ole Håkon Heen Lien Substitution min 90 ::Juan Rikard Larsen
Sivert Nerheim Substitution min 90 ::Alexander Connor
Trond Klokset Mål Min. 86 ::
Trond Klokset Mål Min. 82 ::
Sivert Nerheim Mål Min. 78 ::
Trond Klokset Mål Min. 8 ::
Elling Olafsen Mål Min. 6 ::
Elling Olafsen Gult kort Min. 87 ::
Trond Klokset Gult kort Min. 30 ::
Karl-Edvard Bredeli

Events

Mål
• 67' (2-2, Sander Orset)
• 42' (1-2, Jonny Godø, straffespark)
Gult kort
• 81'

Summary
Viktig borteseier i pøsregnet PDF Skriv ut E-post rediger
Skrevet av administrator
fredag 28. august 2015 20:40

Vestnes Varfjell tok ein viktig seier i botnstriden då laget slo Midsund 5-2 på bortebane fredag. Elling Olafsen gav laget leiinga 2-0 tidleg, men Midsund reduserte på straffe like før pause. Midsund utlikna til 2-2 i andre omgang og var det beste laget då. Heldigvis greidde Vestnes å mobilisere til ein sluttspurt. To skåringar av innbyttar Trond Klokset og eitt av Sivert Nerheim sikra ein solid borteseier. Kampen vart spelt i eit voldsamt regnvêr i store delar av kampen, og den søkkvåte bana gjorde det vanskeleg for begge lag. Trenar Knut Øyvind Hoem var fornøgd med laginnsatsen og at laget endeleg hadde marginane med seg. - Det var deilig å sjå måten me avslutta kampen på, sa ein letta Hoem etter kampen.

Då hadde han sett lagets nye kaptein Elling Olafsen ta ansvar i starten av kampen. Alt etter fem minutt reiv han seg laus og sette inn 1-0. Tre minutt seinare heada same mann inn 2-0 på ein corner.

Midsund kom seg etter sjokkåpninga og hadde eit overtak resten av omgangen. Det måtte likevel eit straffespark til for at reduseringa skulle komme. Svein Erik Lange Male var syndaren. Målvakt Adrian Gabrielsen gjorde eit godt forsøk på å redde, ballen vart slått i stolpene, men straffeskyttar Jonny Godø var sist på returen.

Vestnes Varfjell sette innpå Trond Klokset i andre omgang, og alt etter to minutt vart veteranen fint spelt igjennom aleine med keeper, men skotet gjekk rett på målvakta. Amund Stavem var også igjennom, men sklei på den sleipe matta då han skulle skyte.

I staden for 3-1, tok heimelaget gradvis over. Det var fortent då Sander Orset stussheada bakover og i mål etter ein corner. Like etter hadde Ørjan Tangen eit godt skot like utanfor for Vestnes Varfjell, men det var Midsund som såg ut til å ha eit psykologisk overtak. Det varte ikkje lenge, for etter 78 minutt fekk Trond Klokset tid til å stille inn skotfoten og ballen fauk i mål frå 20 meter. Så heada Sivert Nerheim i mål etter eit perfekt slått frispark frå Amund Stavem. Midsund hadde no ikkje meir å svare med og Klokset sette sitt andre frå kloss hald like før slutt. No ventar veteran-NM med Molde FK for Klokset neste helg.

Tomålsskårarane var sjølvsagt avgjerande for kampen. Klokset heldt nesten ein omgang denne gongen, Olfasen sto på i 90 minutt. Også spisskollega Amund Stavem gjorde manns jobb på topp, medan Sivert Nerheim og Marius Ulla var dominerande på midtbana.  Likevel var dette først og fremst ein solid lagseier. No er Frei heime neste kamp, også det eit internt oppgjer mellom to av laga på nedre halvdel av tabellen. Då er det håp om at Trondheim-student og kaptein i vår, Ole-Gunnar Kjærstad er tilbake. Fredag hadde både Marius Ulla og Ole Håkon Lien tatt turen heim frå stuidar i høvesvis Volda og Elverum. Hoem håper også å ha Magnus Nerheim tilbake fra strekkskaden snart. Mot Midsund var benken igjen fulltalling, men laget treng alle mann friske og tilgjengelege i ein spennande haustsesong.

PS: Tidlegare Vestnes Varfjell-målvakt Alexander Aarø var den eine linjemannen i kampen. Han satsar no på ei dommarkarriere etter at ein kranglete rygg har sett spelarkarriera på pause.

Kampfakta:

Midsund - Vestnes Varfjell 2-5 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 28. august 2015 kl 19

Midsund stadion, 40 tilskuarar

Mål:

0-1 (6) Elling Olafsen

0-2 (8) Olafsen

1-2 (42) Jonny Godø, straffespark

2-2 (67) Sander Orset

2-3 (78) Trond Klokset

2-4 (82) Sivert Nerheim

2-5 (86) Klokset

Dommar: Ole Petter Kristiansen, Bryn

Gult kort: Bredeli (30) og Klokset (87), eitt til Midsund (81)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Ole Håkon Lien (Preben Hovde 82.) - Sivert Nerheim (Juan Rikard  Larsen 90.), Marius Ulla, Yngve Solevågseide (Trond Klokset 46. (Alexander Connor 90.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Karl-Edvard Bredeli (Adrian Liabø 46.)