Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 20. serierunde - fredag, 30 september 2011 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Kvass/Ulvungen
5 2
(2 : ) (2 : )

Match details

Match Date: fredag, 30 september 2011
Match Time: 19:00 h
Referee: Rolf Erik Pedersen
 
Attendances : 50

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Viktig, men kostbar seier         PDF Utskrift E-post
      Skrevet av nettredaksjonen
      lørdag 01. oktober 2011
      Leikarnes har nettopp utlikna til 1-1 Foto: GK
      Leikarnes skåra.
      Vestnes Varfjell tok tre viktige poeng då laget slo Kvass/ilvungen 5-2 heime fredag kveld. Ronny Leikarnes, Tore Akselsen 2, Vegar Skare og Amund Stavem var målskårar. Men det kosta. Både Ronny Leikarnes, Elling Olfasen og Tore Akselsen måtte ut med skade og er usikre til neste kamp. - Det starta svakt, men etter kvart fekk me justert oss inn. Andre omgang var bra, seier spelande trenar Alexander Connor.

      Bildegalleri | Videoar i VarfjellTV


      Kvass/Ulvungen var bokstavleg talt kvassast i opninga og skåra alt etter 39 sekund. Heimelaget kom seg etter sjokket og etter ti minutt fekk Ronny Leikarnes vendt om inne i feltet og sett ballen til side for mål. Like etter måtte spissveteranen ut med ein strekkskade.

      Seinare måtte også Elling Olafsen ut med ein skade i hælen, og dermed måtte Vestnes Varfjell gjere to forandringar på laget før 20 minutt var spelt.

      Ikkje lenge etterpå var gjestane igjen i føringa, men Tore Akselsen skrudde ein corner rett i mål og sytte for at laga var like langt ved halv tid. Sjå video

      Heimelaget snudde kampen til sin fordel i andre omgang, sjølv om gjestane var farlegast først med eit frispark som dalte ned i stolpekrysset. Vegar Skare kjempa inn 3-2 etter forarbeid av Tore Akselsen, før Akselsen sjølv på elegant vis lobba over keeper og i mål frå 25 meter. Innbyttar Amund Stavem var aleine med keeper ein gong før gutespelaren avslutta til 5-2 med sitt første A-lagsmål. Stavem sette ballen kaldt til side for keeper etter framspel frå Vegar Skare. Sjå video

      - Eg gav nokre beskjedar i pausen som heldigvis gjekk inn, seier trenar Alexander Connor, som er fornøgd med måten laget framsto på etter pause.

      Han er likevel uroa over skadesituasjonen føre bortekampen mot Træff 2 søndag. Både Leikarnes, Olafsen og Akselsen vart så skada at dei ikkje kunne fullføre kampen. Tomålsskårar Akselsen vart liggande lenge etter ein smell kneet.

      Bestmannsprisen gjekk til Nirut Mjøs. Tomålsskårar Tore Akselsen må sjølvsagt også få ekstra pluss, i tillegg Vegar Skare og Yngve Solevågseide. Dei to på midtbana sto fram då litt ekstra innsats måtte til for å snu kampen.


      Kampfakta:

      Vestnes Varfjell - Kvass/Ulvungen 5-2 (2-2)

      4. divisjon Nordmøre/Romsdal

      Fredag 30. september 2011 kl 19

      Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

      Mål:

      0-1 (1) Per Magne Johnson

      1-1 (10) Ronny Leikarnes

      1-2 (28) Raymond Resell

      2-2 (32) Tore Akselsen

      3-2 (48) Vegar Skare

      4-2 (54) Akselsen

      5-2 (59) Amund Stavem

      Dommar: Rolf Erik Pedersen, Åndalsnes

      Gult kort: 4 til Kvass/Ulvungen

      Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Per Kristian Os Nakken, Nirut Mjøs, Marius Ulla, Bjørn-Vegard Løvik - Vegar Skare,Yngve Solevågseide, Elling Olafsen (Magnus Nerheim 20. (Amund Stavem 46.)) - Tore Akselsen (Ole-Gunnar Kjærstad 69.), Ronny Leikarnes (Alexander Connor 16. (Christian Mario Leikarnes 82.)), Tommy Kanishi Andreassen.

      VarfjellTV HD: Heile kampen mot Kvass PDF Utskrift E-post
      Skrevet av Asbjørn Vik (foto)
      lørdag 01. oktober 2011
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 6 ( siste)
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 5
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 4
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 3
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 2
      VVIL- Kvass/Ulvungen: 5 - 2 Del 1
      Heile kampen mot Kvass/Ulvungen kan du no sjå i HD-kvalitet i VarfjellTV. Fotograf er som vanleg Asbjørn Vik. Kampen er i seks deler som du finn ved å klikke på bilda til høgre:


      :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::