Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 19. serierunde - torsdag, 22 september 2011 - 19:00 h
MFK 3 vs Vestnes Varfjell
6 3
(2 : ) (0 : )

Match details

Match Date: torsdag, 22 september 2011
Match Time: 19:00 h
Playground: Årølia kgb
Referee: Terje Sorthe
 
Attendances : 15

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Flotte skåringar, men ingen poeng PDF Utskrift E-post
      Skrevet av administrator
      torsdag 22. september 2011
      Azim og Connor
      Tre fine skåringar heldt ikkje til poeng då Vestnes Varfjell tapte 3-6 borte mot Molde 3 torsdag. Dermed ligg laget framleis utsett til på tabellen. - Me har att to heimekampar som me nok må vinne, i tillegg bør me greie minst utavgjort i bortekampen mot Træff 2, seier trenar Alexander Connor.



      Vestnes Varfjell starta kampen best på Årølia kunstgraset i friskt haustver. Vegar Skare hadde den første store sjansen aleine med keeper etter seks minutt. Første forsøk traff keeper, det andre nettveggen. I staden fekk MFK 3 fulltreff på sitt første skot på mål. Ballen låg klint oppe i krysset.

      Etter dette tok heimelaget over. Vestnes Varfjell vart pressa bakover på bana og vart ofte springande imellom når Molde-juniorane fekk spele småspelet sitt. Etter 35 minutt greidde ikkje Vestnes Varfjell-forsvaret å stå imot lenger. Målvakt Marius Sivertsen redda første forsøk, men returen vart heada i mål. 2-0 sto seg til pause.

      Større bilde
      MFK 3 auka til 3-0 like etter kvilen og håpet om poeng forsvann nok med den skåringa. Vestnes Varfjell heva seg likevel utover i omgangen og Elling Olafsen heada like over, før same mann reduserte på eit fint skot etter forarbeid av Tommy Kanishi Andreassen etter eit kvarter.

      Så auka heimelaget tempoet att og det vart 4-1 etter kaos i Vestnes Varfjell-forsvaret der det siste av fleire avklaringsforsøk hamna rett i beina til ein Molde-spelar. Så var innbyttar Ronny Leikarnes aleine med keeper i andre enden av bana etter eit fint oppbygd angrep, men keeper redda. 5-1 kom på eit straffespark ingen med marineblå drakter var samde i. 6-1 kom like etterpå etter at ein Molde-spelar fekk stå umarkert.

      Større bilde
      Vestnes Varfjell ville unngå ytterlegare audmjuking slik det skjedde på same bane mot Rival tidlegare i haust, og makta å pynta på resultatet på slutten. Først fekk Tommy Kanishi Andreassen fulltreff då han plasserte ballen knallhardt til side for keeper, så skåra Azim Ahmadi sitt første mål på a-laget då han kippa ballen elegant forbi keeper etter framspel av Tore Akselsen.

      Vestnes Varfjells beste: Nirut Mjøs

      Kampfakta:

      Molde 3 - Vestnes Varfjell 6-3 (2-0)

      4. divisjon Nordmøre/Romsdal

      Torsdag 22. september 2011 kl 19

      Årølia kgb, 15 tilskuarar

      Mål:

      1-0 (10) Morten Wenaas

      2-0 (34) Oddne Bakken

      3-0 (48) Espen Outzen

      3-1 (59) Elling Olafsen

      4-1 (67) Outzen

      5-1 (77) Wenaas, straffespark

      6-1 (83) Christian R Pedersen

      6-2 (86) Tommy Kanishi Andreassen

      6-3 (90 + 2) Azim Ahmadi

      Dommar: Terje Sorthe, Kleive

      1 gult kort til Molde 3

      Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Yngve Solevågseide (Sander Valde 83), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Trond Klokset (Alexander Connor 75.), Sondre Akselsen (Ronny Leikarnes 51.) - Tore Akselsen, Elling Olafsen (Azim Ahmadi 85.), Tommy Kanishi Andreassen



      :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::