Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 17. serierunde - fredag, 09 september 2011 - 19:00 h
Dahle vs Vestnes Varfjell
3 2
(2 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 09 september 2011
Match Time: 19:00 h
Referee: Stig Gule
 
Attendances : 45

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Skremde serieleiaren PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen
        fredag 09. september 2011
        Større bilde
        Vestnes Varfjell gjorde eit heilhjarta forsøk
        på å ta poeng borte mot serieleiar Dahle, men fekk det vanskeleg etter å ha slept inn to tidlege mål. Eit sjølvmål gav 2-1 til pause. Dahle auka til 3-1 før Elling Olafsen heada inn reduseringa fem minutt før slutt. På overtid meinte Svein Erik Lange Male seg snytt for straffespark, men kampen ebba ut med seier til heimelaget. - Me hadde fortent poeng i dag, sa spelande trenar Alexander Connor etter kampen. Dahle om kampen



        Han var spesielt skuffa over måten baklengsmåla kom på. Det første var ein gavepakke frå dommar Stig Gule som dømte indirekte frispark for tilbakespel etter at Svein Erik Lange Male hadde takla ballen i klypene på eigen keeper. Streng fortolking av regelen.

        Fleire Vestnes Varfjell-spelarar starta kampen halvskaka og tidleg var det klart at ein strekk plaga midtstoppar Nirut Mjøs. Dessverre var det han som kom i løpsduell med ein Dahle-spelar etter eit kontring som gav 2-0. I angrepet før hadde Elling Olafsen ein skotsjanse aleine med keeper. Og like før det at var Vegar Skare ikkje langt unna. Også ein tredje gong hindra Dahle-målvakta redusering etter skot frå Olafsen.

        Når det er sagt, starta Dahle kampen med eit skot i tverrliggaren og var også nære på nokre gongar utanom skåringane.

        Vestnes Varfjell hadde ballen mest på stillinga 3-1 i andre omgang, men stanga mot Dahle-muren eller vart avvinka for offside. Ein dobbeltsjanse hadde nær gitt uttelling, først avslutning frå Elling Olafsen etter fint samspel med Tore Akselsen. Så var det Akselsen sin tur til å prøve like etterpå, skotet gjekk mellom beina på keeper, ballen trilla langs streken, men dessverre ikkje over.

        I andre enden kom Dahle nokre gongar på kontringar. Keeper Marius Sivertsen varta opp med to gode redningar. Ronny Leikarnes heada like over etter innlegg frå Tommy Kanishi etter 25 minutt.


        Reduseringa til 2-3 kom for seint, berre fem minutt før slutt. Elling Olafsen snappa opp eit tilbakespel og heada over ein utrusande keeper. På overtid makta ikkje Vestnes Varfjell å skape noko trykk og då dommaren ikkje var samd i at Lange Male vart sparka ned bakfrå innanfor 16-meteren, var det i staden heimelaget som fekk siste sjanse. Men igjen rydda Sivertsen opp.

        I tillegg til Sivertsen viste Bjørn-Vegard Løvik at hans rutine blir viktig for laget i serieinnspurten. Elles var det god innsats over heile linja, sjølv om det mangla det lille ekstra for å sikre poeng. Laget kan likevel vere fornøgd med innsatsen i dei to siste kampane mot lag nummer ei og to på tabellen. Eitt poeng vart gevinsten, det burde vore fire.

        No ventar ein nøkkelkamp heime mot tabellnabo Clausenengen fredag. Då er Trond Klokset og Per Kristian Os Nakken truleg tilbake i troppen. Dei var ikkje med til Kristiansund. Også Tarjei Rypdal Eide bør hentast inn i A-lagstroppen i den viktige serieinnspurten. Han har dominert stort på B-laget heile sesongen.

        Kampfakta:

        Dahle-Vestnes Varfjell 3-2 (2-1)

        Dahle kunstgresspark

        45 tilskuarar (5 Vestnes Varfjell)

        Mål:

        1-0 (10)

        2-0 (20)
        2-1 (36) sjølvmål, Alexander Kvarsvik

        3-1 (52)

        3-2 (85) Elling Olafsen

        Dommar: Stig Gule, Bryn

        Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell (70, munnbruk), ett til Dahle
        Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Nirut Mjøs (Sondre Akselsen 86.), Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegad Løvik - Yngve Solevågseide, Vegar Skare, Alexander Connor - Tore Akselsen (Ronny Leikarnes 59.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

        Frå vår Twitter-dekning:

        Vestnes Varfjell
        3-2 slutt. Varfjell ropte på straffe da Male gikk i bakken på overtid.
        »
        Vestnes Varfjell
        85 min. 3-2 Olafsen header forbi utrusende keeper. S Akselsen inn for Mjøs
        »
        Vestnes Varfjell
        Fint angrep avsluttes med innlegg fra Kanishi og heading like over fra Leikarnes. Løvik gult kort. Spilt 25 min av andre omgang.
        »
        Vestnes Varfjell
        59 min. Leikarnes inn for Akselsen.
        »
        Vestnes Varfjell
        Dobbeltsjanse. Først Olafsen skudd som keeper redder. Akselsen skudd mellom beina på keeper. Ballen triller på streken.
        »
        Vestnes Varfjell
        3-1 et 52 min. Gjennomspill i midten og skudd forbi keeper. Balltap på midten starter det hele.
        »
        Vestnes Varfjell
        Dahle-Vestnes Varfjell 2-1 pause. Varfjell kom sterkt etter en rufsete start.
        »
        Vestnes Varfjell
        2-1 36 min. Sjølmål
        »
        Vestnes Varfjell
        20 min. Olafsen alene med keeper, men skyter rett på. Sjanser begge veger.
        »
        Vestnes Varfjell
        2-0. Dahle kontrer etter at Elling Olafsen hadde en stor sjanse i andre enden.
        »
        Vestnes Varfjell
        Dømte tilbakespill på noe alle andre så som takling i en duell.
        »
        Vestnes Varfjell
        10 min. 1-0 på et indirekte frispark innenfor 16-meteren. Feil av dommer Stig Gule.
        »
        Vestnes Varfjell
        Startoppstilling: Sivertsen; Ulla, Mjøs, Male, Løvik -Solevågseide, Skare, Connor - T Akselsen, Olafsen, Kanishi
        »
        Vestnes Varfjell
        Dahle-Vestnes Varfjell følges fra kl 19


        :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::