Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 11. serierunde - fredag, 08 juli 2011 - 19:00 h
Kristiansund FK vs Vestnes Varfjell
6 1
(2 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 08 juli 2011
Match Time: 19:00 h
Playground: Gressbanen
Referee: Bjørn Myklebust
 
Attendances : 40

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Tok ferie med stortap (oppdatert) PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        fredag 08. juli 2011
        Vestnes Varfjell gjekk på ein smell i siste kamp før ferien og tapte til slutt heile 1-6 borte mot Kristiansund FK fredag. Stillinga ved pause var 2-1 etter at Yngve Solevågseide hadde utlikna på eit kjempeskot. Vestnes Varfjell hang med til det sto 3-1 i andre omgang, men det rakna mot slutten. 
        BildegalleriKFK om kampen



        Ein del forfall og mangel på klare backalternativ gjorde at Vestnes Varfjell starta med ei treback-linje, noko laget hadde suksess med i ein treningskamp i vinter. Det var ikkje vellukka denne gongen og KFK fekk mykje rom på kantane. Heimlaget hadde eit klart overtak frå start, men kom ikkje nærare enn ein del skotforsøk utanfor. Marius Sivertsen hadde også eit tigersprang som redda Vestnes Varfjell frå baklengs det første kvarteret. Yngve Solevågseide vart trekt bak i forsvar og med fire mann bak vart det betre balanse i Varfjell-laget.

        Offensiven frå heimelaget gav samtidig rom for Vestnes Varfjell i andre enden, og om ikkje sjansane var like mange der så var dei vel så farlege. Simen Brennvik kom nære aleine med den omskulerte tidlegare VVIL-spelaren Svein Erik Gregersen i KFK-målet. Same Brennvik og Marius Ulla hadde ein dobbeltsjansen også like etter, men det siste skotet  gjekk via eit KFK-bein og ut.

        Sivertsen var ute og redda igjen før heimelaget tok leiinga på eit skot ute ved stolpen etter ein halvtime. Vestnes Varfjell svarte straks då Yngve Solevågseide fekk kjempetreff frå 25 meter. Ballen fauk over keeper og i mål. Vakkert!

        Så ropte Vestnes Varfjell-spelarane på skåring då ei heading frå Elling Olafsen etter ein corner vart redda på streken. Alexander Connor hadde ein dobbeltsjanse då han først skaut i stolpen og så sette returen over mål. "Heldigvis" var han hårfint offside. Rett før pause gjekk i staden heimelaget i leiinga etter ein corner der Vestnes Varfjell-forsvaret meinte KFK-spelaren tok med seg ballen med handa. Uansett fortent leiing til KFK ved pause, men Vestnes Varfjell kom seg etter ein dårleg start og skapte mange sjansar.

        Heimelaget var best frå start også etter pause, men Tore Akselsen skapte den første store sjansen då han tråkla seg heilt fram til keeper og meinte seg felt bakfrå. Ingen straffe og gult til Akselsen for protestar.

        I staden for utlikning, auka KFK til 3-1 etter eit kvarter. Vestnes Varfjell sette fram Svein Erik Lange Male mot slutten, men greide ikkje å skape sjansar til å komme tilbake. Slitne bein hadde ikkje meir å gje på den store grasbana. I staden vart laget hardt straffa bakover, og Mujo Mesan fekk skåre hattrick i løpet av ti minutt mot slutten.

        Nirut Mjøs er ein av få som får "godkjent" etter denne kampen, saman med Yngve Solveågseide og målvakt Marius Sivertsen.

        No ventar fire veker ferie før ein ny vanskeleg kamp i Kristiansund, mot KBK 2. Då er det å håpe at sentrale spelarar er tilbake i laget att. Vestnes Varfjell ligg på ein 6. plass etter at 4. divisjon er halvspelt.



        Kampfakta:

        Kristiansund FK - Vestnes Varfjell 6-1 (2-1)
        Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Fredag 8. juli 2011 kl 19
        Gressbanen, 40 tilskuarar
        Mål:

        1-0 (31) Espen Sørlie

        1-1 (33) Yngve Solevågseide
        2-1 (45) Thomas Ryther
        3-1 (58) Mujo Mesan
        4-1 (74) Mesan
        5-1 (84) Mesan
        6-1 (87) Anders Havneraas
        Dommar: Bjørn Myklebust, MFK
        Gult kort: Tore Akselsen, Vestnes Varfjell
        Vestnes Varfjell (3-4-3/4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla (Magnus Nerheim 76.), Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor, Sondre Akselsen - Simen Brennvik, Elling Olafsen, Tore Akselsen (Azim Ahmadi 86.)




        :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::