Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 9. serierunde - laurdag, 25 juni 2011 - 15:00 h
Kvass/Ulvungen vs Vestnes Varfjell
1 3
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: laurdag, 25 juni 2011
Match Time: 15:00 h
Playground: Leikvoll stadion
Referee: Jan Roger Strømsvåg
 
Attendances : 30

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Akselsen x 2 gav borteseier PDF Utskrift E-post
        Skrevet av administrator
        lørdag 25. juni 2011
        Trond Klokset, Tore Akselsen og Alexander Connor etter kampen.
        Klokset, Akselsen og Connor
        Vestnes Varfjell slo Kvass/Ulvungen 3-1 på bortebane laurdag. Eitt mål av Vegar Skare før pause og to av Tore Akselsen etter kvilen gjer at Vestnes Varfjell heng med i tetstriden i 4. divisjon. - Deileg! Dette var ein skikkeleg lagseier i det eg reknar som ein av dei vanskelegaste bortekampane i divisjonen, sa ein godt fornøgd spelande trenar Alexander Connor til varfjell.no etter kampen.

        Video | Bilder i MMS-bloggen | Kvass/Ulvungen om kampen


        - Eg er spesielt godt fornøgd med første omgang, då synest eg me spelte fin fotball til tider i det som er vår første kamp på naturgras i år. Kvass/Ulvungen kom sterkt i andre omgang og utlikna fortent. Men heldigvis greidde me å komme sterkt tilbake og vinne kampen. Stor honnør til alle spelarane i dag, seier Connor.

        Vestnes Varfjell kom best i gang på Leikvoll stadion på Ålvundeid og hadde eit par gode skotforsøk ved Per Kristian Os Nakken og Elling Olafsen tidleg i kampen. Etter 21 minutt var Olafsen nære ved å gje laget leiinga, då eit langskot duppa og trefte stolpen.

        Trond Klokset testa også skotfoten før Vegar Skare sendte laget i leiinga etter 37 minutt. Vikebuktingen fekk sett ballen over streken etter ein del fram og attende føre målet på ein corner. 0-1 sto seg omgangen ut. Kvass/Ulvungen hadde lite å by på, og Vestnes Varfjell-målvakt Marius Sivertsen plukka dei skotforsøka som kom.

        Heimelaget hadde tydelegvis bestemt seg for å trøkke til frå start i andre omgang og fekk løn for dette alt etter sju minutt då eit skot frå hjørnet av 16-meteren gav utlikning.

        Kvass/Ulvungen hadde no eit overtak, men Vestnes Varfjell kom seg gradvis inn i kampen att og etter 25 minutt vart Trond Klokset hekta på veg inn i feltet. Tore Akselsen sette straffesparket i mål til ny leiing for Vestnes Varfjell. Sjå MMS-video av straffesparket her

        Kvass/Ulvungen forsøkte å svare, men høgt press gav også store rom på kontringar for Vestnes Varfjell. Like før slutt vart kampen avgjort då Per Kristian Os Nakken sitt innlegg fann Tore Akselsen føre mål. Headinga var vakkert utført av innbyttaren og Vestnes Varfjell kunne dra heim frå Indre Nordmøre med seier 3-1.

        Bjørn-Vegard Løvik sesongdebuterte på A-laget og gav ekstra rutine til eit forsvar der alle mann spelte godt og med ein trygg keeper aller bakerst.

        Ronny Leikarnes måtte ut med skade like før pause, men forhåpentlegvis er det ikkje noko alvorleg.

        Kampfakta:

        Kvass/Ulvungen - Vestnes Varfjell 1-3 (0-1)

        Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Laurdag 25. juni 2011 kl 15

        Leikvoll stadion (gras)

        30 tilskuarar

        Mål:

        0-1 (38) Vegar Skare

        1-1 (53)

        1-2 (70) Tore Akselsen, straffespark

        1-3 (88) Akselsen
        Dommar: Jan Roger Strømsvåg, Sunndal

        Gult kort: Vegar Skare, Vestnes Varfjell, eitt til Kvass/Ulvungen

        Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Per Kristian Os Nakken, Marius Ulla, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik- Elling Olafsen, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Vegar Skare, Ronny Leikarnes (Tore Akselsen 45.), Trond Klokset (Magnus Nerheim 88.)



        :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::