Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 6. serierunde - fredag, 03 juni 2011 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Dahle
1 2
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 03 juni 2011
Match Time: 19:00 h
Attendances : 75

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Tok ikkje vare på sjansane PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen
        fredag 03. juni 2011
        Skare skyt over
        Vestnes Varfjell tapte 1-2 mot Dahle i Vestnes idrettspark fredag. Heimelaget hadde sjansar nok til å avgjere kampen i første omgang, men vart i staden hardt straffa for personlege feil etter kvilen. Jøran Sandøy sendte gjestane i leiinga tidleg i omgangen. Svein Erik Lange Male utlikna til 1-1 på straffespark, men Jøran Sandøy avgjorde for Dahle med ei ny skåring like etterpå.
        VarfjellTV: 1. omgang | 2. omgang | Bildegalleri | Dahle om kampen
        VVIL-Dahle: 1.omg.
        VVIL-Dahle: 1.omg.
        Copyright vEsti24
        Alt etter fire minutt fekk med sjå det første dømet på det som skulle bli det typiske for kampen: Eit heimelaget som ikkje makta å skåre på opplagte målsjansar. Eit innlegg frå Tommy Kanishi fann Vegar Skare føre mål, men frå ein meter vart ballen sett utanfor det opne målet.


        Dahle hadde også ein stor sjanse tidleg, men skaut over frå fin posisjon.

        Kampen var jamnspelt, men altså med eit klart overtak til heimelaget i sjanseprotokollen:

        14 min: Kanishi Andreassen på skothald, men treff dårleg og ballen går utanfor.

        22 min: Over frå Skare etter ein corner.

        33 min: Kanishi går over halve bana og kjem aleine med keeper, som reddar.

        41 min: Kanishi med skot frå kloss hald som keeper reddar.

        43 min: Kanishi igjen aleine med keeperetter fint framspel frå Alexander Connor. Keeper kjem ut og hindrar skåring.

        44 min: Styring frå Svein Erik Lange Male etter corner treff Marius Ulla som set ballen like over.


        Andre omgang vart ikkje like sjanserik. Heimelaget begynte å tape duellar på midtbanen og Dahle fekk komme på det dei er farlegast på; kontringar. Etter åtte minutt vart ein slik feil utnytta og Jøran Sandøy kunne sette inn 0-1 etter ein retur frå målvakt Marius Sivertsen.

        Straffespark
        Straffespark
        Copyright vEsti24
        Vestnes Varfjell hadde nokre spedte forsøk på å svare, men sleit med å spele seg til klare sjansar etter pause. Det måtte eit straffespark til før utlikninga kom. Ronny Leikarnes vart felt og Svein Erik Lange Male var trygg straffeskyttar.

        Dahle svarte ikkje mange minutta etter. Vestnes Varfjell-forsvaret greide ikkje å stoppe eit angrep der ballen til slutt hamna på hodet til Sandøy. Ballen gjekk i tverrliggar og ned, akkurat over linja markerte ein godt plassert linjemann.

        VVIL-Dahle: 2.omg.
        VVIL-Dahle: 2.omg.
        Copyright vEsti24
        Dahle hadde no full kontroll og heimelaget kom ikkje nærare enn eit skot frå kloss hald fra Trond Klokset som strauk tverrliggaren og eit innlegg frå same mann til Kanishi som heada like utanfor.


        Litt surt å tape alle poenga, men som som mot Åndalsnes sist vart Vestnes Varfjell kjempa ut av sitt eige spel av eit lag som satsar på ein meir direkte spelestil.

        Nirut Mjøs får vår bestemannspris, trygg og god gjennom heile kampen der han var tilbake på sin vante stopparplass. Tommy Kanishi var best i første omgnag, då gjorde han utan å skåre.

        Kampfakta:
        Vestnes Varfjell - Dahle 1-2 (0-0)
        4. divisjon Nordmøre/Romsdal
        Fredag 3. juni 2011 kl 19
        Vestnes idrettspark

        75 tilskuarar
        Mål:

        0-1 (53) Jøran Sandøy
        1-1 (67) Svein Erik Lange Male, straffespark
        1-2 (75) Sandøy
        Dommar: Stig Gule, MFK

        Gult kort: Svein Erik Lange Male og Trond Klokset, to til Dahle
        Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Nirut Mjøs, Svein Erik Lange Male, Knut Øyvind Hoem (Elling Olafsen 82) - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Trond Klokset, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen



        :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::