Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 2. serierunde - fredag, 06 mai 2011 - 19:00 h
Måndalen vs Vestnes Varfjell
0 2
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 06 mai 2011
Match Time: 19:00 h
Referee: Karl Fredrik Røsok
 
Attendances : 70

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Kanishi x 2 og tabelltopp PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        fredag 06. mai 2011
        Tommy Kanishi har nettopp skåra. Foto: Bjørn Ove Ulla
        Jubel for skåring
        To mål av Tommy Kanishi Andreassen sikra seier 2-0 i bortemøtet med Måndalen på Åndalsnes fredag. Det sto 0-0 ved halv tid. Vestnes Varfjell avgjorde ein jamnspelt kamp i ein god periode like etter pause. Laget er noko overraskande det einaste med full pott etter to serieomgangar i 4. divisjon. Trond Klokset sesongdebuterte etter at han nyleg vart speleklar for moderklubben att. Måndalen om kampen

         

        Måndalen starta best i vårsola på Øran, og var nære skåring då ein ball vart redda på streken etter ein beinparade av Varfjell-målvakt Marius Sivertsen etter ein corner. Vertane var som vanleg farlege på dødball, der dei lange saltoinnkasta frå Tommy Nikolaisen skapte mykje bry for Vestnes Varfjell-forsvaret.

         

        Kampen jamna seg ut utan at nokon av laga makta å skåre i første omgang. Det næraste Vestnes Varfjell kom før pause var ei annulert skåring der Ronny Leikarnes vart avvinka for offside etter fint framspel frå Kanishi Andreassen.

         

         

        Trond Klokset
        Trond Klokset
        Vestnes Varfjell starta langt betre etter pausem og etter berre to minutt sette Tommy Kanishi Andreassen inn 1-0 etter eit fint angrep. Trond Klokset sesongdebuterte i andre omgang etter at han vart speleklar for moderklubben torsdag. Hørgrekanten gav meir fart i angrepsspelet. Han sente Vegar Skare igjennom etter ti minutt, men keeper snappa ballen. Så skaut Kanishi utanfor i god posisjon, før han sette inn 2-0 etter presist gjennomspel frå Klokset.

         

         

        Vestnes Varfjell styrte no kampen og var farleg kvar gong laget kom i overtall. Måndalen gav seg likevel ikkje og tok over mot slutten. Det næraste laget kom redusering var då Varfjell-målvakt Marius Sivertsen fista eit skot i eigen tverrliggar.

         

        Solid innsats over heile linja, men ekstra pluss naturleg nok til tomålsskårar Kanishi som verkar å vere i betre form enn på mange år. Trond Klokset viste også at han blir ei massiv forsterking.

         

        Kampfakta:

        Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2 (0-0)

        4. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Fredag 6. mai 2011 kl 19.00

        Øran stadion (kunstgras)

        70 tilskuarar (15 frå Vestnes)

        Mål:

        0-1 (47) Tommy Kanishi Andreassen

        0-2 (63) Kanishi Andreassen

        Dommar: Karl Fredrik Røsok, Rival

        Gult kort: Elling Olafsen og Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell. Audun Leikarnes, Stein Åge Strand og Andrew Hudson, Måndalen.

        Vestnes Varfjell (4-3-3):  Marius Sivertsen; Sander Valde (Nirut Mjøs 82.), Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Knut Øyvind Hoem (Magnus Nerheim 90.) - Elling Olafsen (Sondre Akselsen 70.), Alexander Connor (Trond Klokset 46.), Yngve Solevågseide - Vegar Skare, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen 

        Galleri: Sjå bilda frå kampen mot Måndalen
        lørdag 07. mai 2011
        Me har no lagt ut eit bildegalleri frå triumfen på Øran stadion fredag. Her kan du sjå glimt frå kampen som endte med seier 2-0. Fotograf er Bjørn Ove Ulla. KLIKK HER FOR Å SJÅ BILDA (tips: klikk på forstørringsglaset for å sjå store bilde)


        :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::