Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2011 Skriv ut
 Matchreport: 21. serierunde - søndag, 09 oktober 2011 - 15:00 h
Træff 2 vs Vestnes Varfjell
5 1
(4 : ) (0 : )

Match details

Match Date: søndag, 09 oktober 2011
Match Time: 15:00 h
Referee: Ole Petter Kristiansen
 
Attendances : 40

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål

       Summary
      A-laget: Stygt tap mot Træff 2 PDF Utskrift E-post
      Skrevet av nettredaksjonen
      søndag 09. oktober 2011
      Større bilde
      Vestnes Varfjell spelte ein svak kamp og tapte heile 1-5 mot tabellnabo Træff 2 søndag. Dermed er Molde-laget berre eitt poeng bak før siste runde, men mest truleg er begge lag sikra uansett. Træff leia heile 4-0 ved pause. Yngve Solevågseide skåra for Vestnes Varfjell. Sivert Øveraas debuterte på A-laget i denne kampen. Den tidlegare MFK-, Sogndal- og Ulf Sandnes-spelaren har til nå nøyd seg med spel på B-laget.


      Øveraas gjorde sine saker bra den halvtimen han fekk spele, men då var kampen alt avgjort. At det vart 1-1 i andre omgang er mager trøst i ein kamp der Vestnes Varfjell var fråløpt og straffa for mange personlege feil før pause.

       

      Større bilde
      Træff 2 tok leiinga etter 20 minutt på eit innlegg som vart heada i mål. Så kontra laget inn 2-0 etter at Vestnes Varfjell hadde hatt corner. 3-0 kom på eit skot ved stolpen og 4-0 på eit innlegg som keeper fomla i mål.

      Vestnes Varfjell sin største sjanse i omgangen kom etter ein halvtime då den ferske fylkesmeisteren for asylsøkarlag, Azim Ahmadi, la til rette for Vegar Skare, men keeper redda skotforsøket.



      Spelande trenar Connor gjorde to bytter alt før pause og seinare kom også nemnde Øveraas innpå. Træff 2 bytta også ein del, slik at det vart jamnare i andre omgang. Træff 2 skåra likevel først då dei utnytta eit svakt utkast frå Varfjell-keeperen rett i ryggen på ein motspelar. Synd for Sivertsen, som elles spelte ein god kamp og varta opp med fleire reaksjonsredningar.

      Yngve Solevågseide reduserte til 1-5 då han lett sette ballen i mål frå kloss hald etter innlegg frå Trond Klokset. Vestnes Varfjell hadde i tillegg mange sjansar til å pynte på resultatet. Trond Klokset skaut like utanfor krysset, Tommy Kanishi Andreassen var to gongar forbi keeper, men vart akkurat for sein til å sette ballen over streken. Eit par gode skotforsøk frå same mann gjekk like utanfor.


      Træff 2 måtte vinne for å ha sjanse til å ta att Vestnes Varfjell og for å halde laga bak på avstand, og var mellom anna forsterka med den gode vingen Stian Rødal. Vestnes Varfjell på si side måtte greie seg utan Ronny Leikarnes, Elling Olafsen og Tore Akselsen, som alle vart skada sist.

      Vestnes Varfjell held 8. plassen med seier mot KFK i siste runde fredag. Det gjer dei også med tap eller uavgjort dersom Træff 2 ikkje tar poeng mot Åndalsnes borte i sin siste kamp. Med tap for Vestnes Varfjell og uavgjort for Træff 2, går Molde-laget forbi på betre målforskjell. Ingen av laga bak kan blande seg inn i kampen om 8.-plassen.



      Samtidig er det mykje som tyder på at også 9.-plassen er trygg grunn. Det skjer dersom berre to (slik det ligg an no) lag frå Nordmøre/Romsdal rykker ned frå 3. divisjon. Her kan også lag berge seg fordi det blir ledige plassar i divisjonen.

      Kampfakta:

      Træff 2 - Vestnes Varfjell 5-1 (4-0)

      Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

      Søndag 9. oktober 2011 kl 15

      Reknesbanen, 40 tilskuarar
      Dommar: Odd Petter Kristiansen, Bryn
      Ingen kort

      Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen; Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Sondre Akselsen (Trond Klokset 37.), Alexander Connor (Sivert Øveraas65.), Tommy Kanishi Andreassen - Azim Ahmadi (Amund Stavem 35)



      :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::