Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Dahle kunstgresspark laur., 23. okt. 2021 14:30
Dahle
Dahle
4-2 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 11 16 29
2 KBK 2 11 34 28
3 Sunndal 11 10 22
4 Surnad. 11 29 19
5 ÅIF 11 4 18
6 Dahle 11 -4 16
7 Malmefj. 11 -6 16
8 Eide 11 -4 10
9 Varfjell 11 -14 10
10 KFK 11 -12 9
11 Midsund 11 -28 9
12 Smøla 11 -25 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

Treningskamper 2011
 Matchreport: Treningskamper 2011 - torsdag, 24 februar 2011 - 18:30 h
Vestnes Varfjell vs Langevåg
0 3
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: torsdag, 24 februar 2011
Match Time: 18:30 h
Referee: Johnny Svensli
 
Attendances : 17

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

     Summary
    A-laget: Tapte første treningskamp PDF Utskrift E-post
    Skrevet av administrator   
    torsdag 24. februar 2011
    Simon Tomren (th) og Vegar Skare (bak) debuterte mot Langevåg.
    Simon Tomren (th)
    Eit ungt Vestnes Varfjell-lag tapte 0-3 mot Langevåg i årets første treningskamp torsdag kveld. Stillinga ved pause var 0-0. Heimelaget spelte jamnt med gjestane, men skapte få sjansar. Fire nye spelarar var med, mellom dei stortalentet Simon Tomren som er ønska frå Fiksdal/Rekdal. Video i VarfjellTV | Varfjell-bloggen om kampen | Langevåg om kampen | Tomrefjord-blogg om kampen 

     

    "Grei gjennomkjøring" er vel den vanlege kommentarer etter ein slik kamp, der Langevåg avgjorde etter to litt lettkjøpte og eit fint kongringsmål etter pause. Dette var den første treningskampen for vinteren, motstandar Langevåg har tidlegare tapt mot Træff (0-3) og Rival (2-4).

     

     

    Vestnes Varfjell - Langevåg: 0 - 3
    Vestnes Varfjell - Langevåg: 0 - 3
    Snutt fra VVIL-Langevåg
    Snutt fra VVIL-Langevåg
    Kampen starta med ein stor gratissjanse til gjestane. Seinare i 1. omgang vart det skapt få sjansar, men både Marius Ulla og Vegar Skare hadde sjansen då dei kvar sin gong var nære på å få ballen i skåringsposisjon på bakre stolpe. Dei to vikebuktingane debuterte etter heimkomsten frå Måndalen og viste at dei blir fine tilvekster.

     

    Også Andreas Reidstad i mål spelte sin første kamp. Han var uheldig på 0-2, men viste seg elles som ein rutinert målvakt som også er i stand til å dirigere spelarane framom seg.

     

    Alexander Connor sette Simon Tomren rett inn på sentral midtbane i sin første kamp for Vestnes Varfjell. Tomren har tidlegare i vinter trent med Aalesund junior og er også ønska av Tomrefjord. Han har ein enorm løpskapasitet, men viste også at han har ein god pasningsfot. I fjor var han sentral på Fiksdal/Rekdal-laget som vart best i kommunen i 5. divisjon og han bør no vere klar til å ta steget opp ein divisjon.

     

    Storparten av startoppstillinga heldt junioralder, og kampen viste at det er viktig dei unge får øve seg i slike kampar. Tommy Kanishi og Nirut Mjøs viste at dei har trent betre enn på lenge. Mjøs var også kaptein for dagen etter at Yngve Solevågseide ikkje kom innpå før i andre omgang.  

     

    Kampen vart spelt på i mildvær ei grøn kunstgrasbane, men det var litt glatt på eine sida noko som prega spelet litt.

     

    Neste kamp er mot divisjonskollega Dahle kommande laurdag.

     

    Kampfakta:

    Vestnes Varfjell - Langevåg 0-3 (0-0)

    Treningskamp fotball

    Vestnes idrettspark, torsdag 24. februar 2011 kl 18.30

    17 tilskuarar

    Mål:

    0-1 (52) Kristian Moldvær

    0-2 (75) Arne Skeide

    0-3 (80) Moldvær 

    Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell

    Eit gult kort til Langevåg

    Vestnes Varfjell (4-3-3): Andreas Reistad;  Tor Gunnar Venås (Knut Øyvind Hoem 70.), Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Marius Ulla - Sondre Akselsen (Christian Mario Leikarnes 54.), Simon Tomren (Magnus Nerheim 75.), Vegar Skare - Sander Valde, Tommy Kanishi Andreassen, Magnus Nerheim (Yngve Solevågseide 46.)



    :: Powered by JoomLeague - Version 1.6.0.9826ddb ::