Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Midsund stadion laur., 25. sep. 2021 14:00
Midsund
Midsund
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 17. sep. 2021 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-1 Tomrefjord
Tomref

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 6 10 16
2 Surnad. 6 23 12
3 ÅIF 5 3 12
4 KBK 2 4 15 10
5 Malmefj. 6 1 10
6 Sunndal 6 0 10
7 Dahle 5 2 6
8 KFK 5 -6 6
9 Midsund 6 -20 6
10 Eide 6 -6 4
11 Varfjell 5 -9 3
12 Smøla 6 -13 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2010 Skriv ut
Matchreport: 11. serierunde - fredag, 25 juni 2010 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Kvass/Ulvungen
3 3
(3 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 25 juni 2010
Match Time: 19:00 h
Referee: Marius Hansen Grøtta

Attendances : 45

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

Timeline

Substitution min 64 ::Sondre Akselsen
Alexander Connor Substitution min 80 ::Sander Valde
Alexander Connor Substitution min 89 ::Magnus Nerheim
Trond Klokset Mål Min. 37 ::
Simen Westnes Brennvik Mål Min. 13 ::
Elling Olafsen Mål Min. 6 ::
Ørjan Tangen

Events

Mål

Summary
A-laget: 3-0 vart til 3-3 PDF Utskrift E-post
Skrevet av nettredaksjonen
lørdag 26. juni 2010

Simen Brennvik set inn 3-0
3-0: Brennvik
Vestnes Varfjell leia 3-0, men måtte nøye seg med 3-3 og nok ein uavgjort på heimebane mot Kvass/Ulvungen fredag. Ørjan Tangen og Elling Olafsen heada inn kvar sin corner før kvarteret var spelt. Så sette Simen Brennvik inn 3-0 etter ein retur, og heimelaget trudde nok at jobben var gjort. Kvass/Ulvungen reduserte på eit frispark like før pause, og det var nok til å gje gjestane tru på poeng. I andre omgang inviterte heimelaget Kvass/Ulvungen inn i kampen, og gjestane tok vare på sjansen ved å skåre to gongar, det siste ti minutt før slutt. | Bildegalleri | Sjå video av heimelagets mål i VarfjellTV

Svært skuffa heimespelarar gjekk av eige kunstgras i regnbygene. Rett nok var laget effektive som leia 3-0, men det var likevel ingen grunn til å gje frå seg poeng i denne heimekampen. Poengtapet sendte også laget ned frå tabelltoppen.

VVIL - Kvass/Ulvungen: 3 - 3 ( Mål

VVIL - Kvass/Ulvungen: 3 - 3 ( Mål )
Copyright vEsti24
VVIL -
Kvass/Ulvungen: 3 - 3 ( Mål :Kvass/Ulvungen )
VVIL - Kvass/Ulvungen: 3 - 3 ( Mål :Kvass/Ulvungen )
Copyright vEsti24
Kvass/Ulvungen var som venta ein tøff motstandar. Laget frå Ålvundfjord og Ålvundeid er saman med Vestnes Varfjell dei einaste som har tapt berre ein kamp i vårsesongen.

Nokre hendingar frå kampen:

6. min: 1-0m Ørjan Tangne. Høgrebacken stig til værs og headar corneren frå Jørgen Gravdehaug rett i mål.

13 min: 2-0, Elling Olafsen. Nok ein corner frå Gravdehaug, men frå motsett side. Elling Olafsen stuper fram og headar i mål.

30 min: Elling Olafsen blir stoppa av keeper og heimelaget vil ha straffe. Dommaren meiner målvakta var først på ballen.

37 min: 3-0, Simen Brennvik. Ronny Leikarnes set fart, Kvass/Ulvungen-forsvaret stoppar opp fordi linjemannen vinkar for frispark til Vestnes Varfjell-spissen. Dommaren køyrer fordel og Leikarnes får avslutta. Keeper gir retur, men den set Simen Brennvik i mål.

44 min: 3-1, Per Magne Jonsson. Gjestane ikkje så ofte farleg frampå til no, men på firspark er dei farlege. Skotet frå 25 meter går rett i krysset. Spelarar i lokalfotballen greier dermed det VM-spelarane har problem med, å skåre på frispark med den nye VM-ballen Jubulani.

45 min: Nytt farleg frispark for Kvass/Ulvungen, denne gongen utanfor.

2. omgang

47 min: Elling Olafsen med skot utanfor.

57 min: 2-3, Espen Mellemsæter: Langt innkast inn i feltet, der ein Kvass/Ulvungen-spelar vinn duellen og set ballen i mål. Ny spenning i kampen.

77 min: Ronny Leikarnes vil ha straffe etter ein dytt i feltet, dommaren vinkar spelet vidare.

80 min: Innlegg frå Leikarnes når nesten tåa til Yngve Solevågseide, kapteinen er centimetrar frå å punktere kampen.

82 min: 3-3, Kenneth Sira. Spelet bølgar fram og tilbake. Heimelaget er ute etter å punktere kampen, men gjestane har ikkje gitt opp å få med seg poeng. Ingen pressar Kvass-spelaren som får skyte i mål frå rundt 20 meter.

90 min: Brennvik kan bli matchvinnar på overtid, men stussen etter eit frispark frå Gravdehaug stryk på utsida av stolpen.

Ørjan Tangen vart kåra til bestemann på heimelaget. Trond Klokset sesongdebuterte etter overgangen frå Øya FC, og viste at han blir ein fin tilvekst. Tommy Kanishi måtte ut med skade tidleg, men det var heldigvis berre ein overtrakk. Forhåpentlegvis er han klar alt til neste kamp. Det er også er den siste før sommarpausen, er heime mot Bud/Elnesvågen 2 fredag om ei veke.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Kvass/Ulvungen 3-3 (3-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 25. juni 2010 kl 19

Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar

Mål:

1-0 (6) Ørjan Tangen

2-0 (13) Elling Olafsen

3-0 (37) Simen Brennvik

3-1 (44) Per Magne Jonsson

3-2 (57) Espen Mellemsæter

3-3 (82) Kenneth Sira

Dommar: Grøtta, Molde

Assistentdommarar: Olav Lundgren, Tomrefjord og Eivind Solnørdal, Molde

Gult kort: 5 til Kvass/Ulvungen

Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Elling Olafsen, Jørgen Gravdehaug, Trond Klokset (Magnus Nerheim 89) - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen (Sondre Akselsen 27 (Alexander Connor 64 (Sander Valde 80) )