Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 10. serierunde - måndag, 29 juni 2009 - 20:00 h
Vestnes Varfjell vs Dahle
1 2
(1 : ) (0 : )

Match details

Match Date: måndag, 29 juni 2009
Match Time: 20:00 h
Referee: Modolf Holm
 
Attendances : 90

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Surt tap på slutten PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        tirsdag 30. juni 2009

         

        Vegard Ellingseter headar inn 1-0. (Foto: Kai Magne Stokkeland
        1-0: Ellingseter
        Vestnes Varfjell leia 1-0 ved pause for fjerde gong i år, men igjen endte det med eittmålstap. Dahle slo til mot slutten og tok alle tre poenga. Vegard Ellingseter skåra for Vestnes Varfjell alt etter tre minutt. Vestnes Varfjell spelte ingen stor kamp, men skapte flest sjansar og gjekk sønderknuste av bana etter å ha tapt nok ein kamp dei følte dei burde ha vunne. Bilde i MMS-bloggen. Videoar kjem i Varfjell-TV. Dahle om kampen: - Årets viktigste seier

         


        Vestnes Varfjell fekk ein draumestart då Vegard Ellingseter dukka opp på første stolpe og heada inn corneren frå Tommy Kanishi Andreassen. Karl Arne Stokkeland hadde sjansen til å auke til 2-0, men vart hindra av ein beinparade av Dahle-målvakt Bjørnar Kvåle. Så sendte Nirut Mjøs av garde eit skot som sneia over krysset, før Ronny Leikarnes nær hadde fått ein gratissjanse då han snappa opp ein ball frå keeper. Mot slutten av omgangen kom to kjempesjansar. Først fekk Nirut Mjøs ballen på fem meter, men skotet gjekk over. Så kontra laget ved Kanishi som spelte til Mjøs som sendte fram Ronny Leikarnes aleine med keeper. Dessverre var det ikkje dagen for den gamle storskåraren og keeper redda.

        Gjestane hang godt med spelemessig, men sleit med å komme til like mange sjansar som heimelaget før pause. Jøran Sandøy hadde nokre skumle skuddforsøk, medan ein ball trilla like utanfor.

        Elling Olafsen har sjansen til å sette inn 2-0 i andre omgang. (Foto: Kaims)
        Sjanse ved Olafsen
        Andre omgang vart ein reprise av mange kampar denne sesongen, med eit Vestnes Varfjell-lag som blir pressa bakpå frå start. Dahle skapte likevel ikkje så mykje i starten og den første sjansen noterte me då Alexander Connor heada rett i klypene på keeper etter eit kvarter. Etter 38 minutt var det Leikarnes som fekk heade på mål etter eit frispark, før Elling Olafsen kom aleine med keeper to minutt seinare. Igjen var det Dahle-målvakta som vann duellen.

        89 minutt var spelt då Dahle då ballen hamna i returom etter ein dødball. Der fekk Dag Ripnes draumetreff frå 25 meter og ballen small i mål. Det var lagt til mange minutt på grunn av skade og drikkepauser, og tre minutt ut i tilleggstide kom avgjersla. Varfjell-forsvaret fekk ikkje avklart og ballen hamna i fri bane hos Rune Sundsøy som sette ballen forbi keeper. Minuttet etter hadde Kanishi sjansen til å sikre eitt poeng, men var ei tå unna å få ballen i mål etter eit innlegg på bakre stolpe.

        Juryen kåra Bjørn-Vegard Løvik til bestemann på heimelaget i kniving med målvakt Arild Mundal og ein god førsteomgang frå Tommy Kanishi Andreassen. Ørjan Tangen, bestemann sist, var opptatt på jobb og mangla frå ein elles fulltallig tropp.

        Neste kamp før ferien er borte mot Træff komande fredag.

        Kampfakta
        Vestnes Varfjell - Dahle 1-2 (1-0)
        3. divisjon avd. 18, Nordmøre/Romsdal BFH-serien
        Vestnes idrettspark måndag 29. juni 2009 kl 20.00
        90 tilskuarar
        Mål:
        1-0 (4) Vegard Ellingseter
        1-1 (89) Dag Ripnes
        1-2 (90 + 3) Rune Sundsøy
        Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
        Gult kort: Thomas André Brastad, Vestnes Varfjell

         

        Vestnes Varfjell (4-3-3): Arild Mundal, Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Karl Arne Stokkeland (Jørgen Gravdehaug 80.), Alexander Connor (Jakob Talberg 86.), Vegard Ellingseter (Elling Olafsen 70.) - Nirut Mjøs, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.

         

        Varfjell-TV: - Burde punktert kampen PDF Utskrift E-post
        Skrevet av Asbjørn Vik (videoreporter)   
        tirsdag 30. juni 2009

         

        Intervju Løvik
        Intervju Løvik
        Intervju Hoem
        Intervju Hoem
        - Me taper fordi me ikkje er effektive nok. Me har meir enn nok sjansar til å kunne punktert kampen, seier Bjørn-Vegard Løvik til Varfjell-TV etter kampen mot Dahle. Løvik trur det blir tøft borte mot Træff fredag, men at det berre er å halde motet oppe og håpe på betre utteljing i komande kampar. Dahle-trenar Rune Hoem meiner Vestnes Varfjell var beste før pause, men at det i andre omgang verka som hans lag var betre trent og vann på det. Han berømmer fleire gutespelarar som bidrog til å snu kampen.