Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 13. serierunde - fredag, 07 august 2009 - 18:00 h
Vestnes Varfjell vs Måndalen
2 0
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 07 august 2009
Match Time: 18:00 h
Referee: Ole Bjørn Moen
 
Attendances : 150

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        Leikarnes i 300 og 3 poeng PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        lørdag 08. august 2009

         

        Ronny Leikarnes etter 300-målskampen
        300 mål: Ronny Leikarnes
        Ronny Leikarnes skåra seriemål nummer 300 i karriera då Vestnes Varfjell vann for første gong på heimebane denne sesongen. Sjå video av målet her>> Vegard Ellingseter skåra også ( video) då Måndalen vart slått 2-0 i nabooppgjeret i Vestnes idrettspark fredag kveld. Heimelaget vann fortent føre 150 tilskuarar. Stillinga ved pause var 0-0. Sjå bildegalleri frå kampen. I ein annan kamp har AK slått Dahle 3-1.

         


        Leikarnes sitt mål nummer 300 var ikkje det vakraste han har skåra, men viktig var det. Han heada ballen i mål etter at ein Måndalen-forsvarar hadde styrt eit skot frå Simen Brennvk i målvakt Espen Pedersen som måtte gje retur.

        - Eg var der eg skal vere. Mål er mål. Det viktigaste i dag var poenga. Herleg å vinne på heimebane igjen, sa toppskåraren etter kampen. Leikarnes vart også snytt for eit klart straffespark då han vart halde att inne i feltet i andre omgang.

        Skåringa kom rett etter pause i det som var starten på ein svært god periode for heimelaget. Første omgang var mållaus, med nokre bra sjansar til Vestnes Varfjell i innleiinga, men der det jamna seg ut etter kvart. Nærast var Tommy Kanishi Andreassen som avslutta kampens første angrep med skot utanfor. Leikarnes fekk eit skot blokkert ved stolpen, medan Simen Brennvik var avblåst for offside då han sette ballen i mål. Eit godt frispark-langskot frå Yngve Solevågseide vart fista over av keeper.

        I andre omgang framsto Vestnes Varfjell som det beste laget. Jørgen Gravdehaug kom innpå og bidrog med meir kreativitet framover. I ein periode etter skåringa til Leikarnes fekk Vestnes Varfjell fart på angrepsspelet sitt og Måndalen hang ikkje med. Så lenge det berre sto 1-0 var det likevel spenning, særleg med tanke på at heimelaget har hatt ein tendens til å sleppe inn mål mot slutten. Då Vegard Ellingseter vart spelt fra av Jørgen Gravdehaug, drog seg fri og sette inn 2-0 kvarteret før slutt, var det ikkje lenger tvil om kor poenga ville hamne.

        Laget hadde også ein del andre gode sjansar, mellom anna var Yngve Solevågseide nære, men Pedersen stoppa lobben med ei eihandsredning. Gode skotforsøk både frå Ørjan Tangen og Simen Brennvik, medan Leikarnes og Tangen hadde gode forsøk med hovudet.

        Måndalen børsta støvet av Roger Moen, men 40-åringen kom ikkje til store sjansar. Moen kom med drakta i ein bærepose og bytta ikkje om før han vart sett innpå i eit siste forsøk på å sikre poeng. Nærast skåring for Måndalen kom kaptein Freddy Nikolaisen med skot over frå god posisjon.

        Juryen æra 300-målsskåraren med tittelen banens beste. Simen Brennvik på kanten og Nirut Mjøs i forsvaret utmerka seg også etter vår meining. Neste kamp er også heime. Det blir nytt lokalderby når Åndalsnes kjem på besøk fredag kl 19.

        Av dei tidlegare Vestnes Varfjell-spelarane var det berre Marius Ulla som spelte heile kampen. Audun Leikarnes, som imponerte då Måndalen spelte 2-2 mot Elnesvågen sist, måtte ut med ein strekk tidleg. Han var erstatta av ein anna tildlegare Vestnes Varfjell-spelar; Sindre Balstad. Vegar Skare var skada. Likevel var til saman fem vikebuktingar i aksjon på dei to laga i denne 3.-divisjonskampen (VV: R Leikarnes, Vikås. MIL: Ulla, Balstad, A. Leikarnes).

         

        Kampfakta

        Vestnes Varfjell - Måndalen 2-0 (0-0)

        3. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Vestnes idrettspark

        Fredag 7. august 2009 kl 18.00

        Mål:
        1-0 (46) Ronny Leikarnes

        2-0 (78) Vegard Ellingseter

        Dommar: Ole Bjørn Moen, Eide

        Gult kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell

        Vestnes Varfjell (4-3-3): Arild Mundal; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Elling Olafsen (Jørgen Gravdehaug 46.), Vegard Ellingseter (Alexander Connor 83.), Yngve Solevågseide - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes (Oddgeir Vikås 88.), Simen Brennvik