Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 8. serierunde - fredag, 12 juni 2009 - 19:30 h
Vestnes Varfjell vs Eidsvåg
1 2
(1 : ) (0 : )

Match details

Match Date: fredag, 12 juni 2009
Match Time: 19:30 h
Referee: Rolf Erik Pedersen
 
Attendances : 90

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Tapte botnoppgjeret PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        lørdag 13. juni 2009

         

        Karl Arne Stokkeland lurte Robbie Carroll ein gong, men det heldt ikkje. (Foto: GK)
        Stokkeland og Carroll
        Vestnes Varfjell leia, nær sagt som vanleg, 1-0 ved pause, men det heldt ikkje denne gongen heller. Botnkollega Eidsvåg kunne reise frå Vestnes med alle tre poenga at dei snudde kampen til seier 2-1 etter kvilen. Vestnes Varfjell var nærme eitt poeng på slutten, men skotet frå Thomas Brastad small i tverrliggaren og ned og keeper redda returheadinga frå Ronny Leikarnes. Karl Arne Stokkeland gav laget leiinga 1-0 på straffespark (video).

         


        Stokkeland vart også kåre til heimelagets beste. Einar Olav Brakstad og Mido skåra for gjestane som avgjorde kampen med solid innsats ein periode tidleg i andre omgang. Det første målet kom etter eit frispark inn i feltet der den tidlegare MFK-, KBK- og Strindheim-spelaren fekk skyte i mål frå kloss hald. Så tok tidlegare Træff-spelar Mido vare på eit langt framspel over forsvaret og sette inn 2-1. Desse to, saman med målvakt Robbie Carroll med fortid i Steinkjer og akademiet til Leeds United, var den avgjerande forskjellen på laga.

        I første omgang starta gjestane også best, men Vestnes Varfjell skapte dei farlegaste sjansane. Ellingseter skaut i tverrliggaren og ned også i første omgang, før Ronny Leikarnes vart felt. Stokkeland sette ballen forbi Rob Carroll i Eidsvåg-målet til leiing 1-0 etter ti minutt. Den tredje store sjansen i første omgang hadde også heimelaget då Ellingseter kom aleine med keeper som redda.

        Bjørn-Vegard Løvik og Jakob Talberg sesongdebuterte på A-laget, og begge vart sett innpå i eit forsøk på å skape meir framover mot slutten. Eidsvåg la seg lavt for å trygge seieren og Vestnes Varfjell skapte eit trøkk mot målet til gjestane. Stokkeland hadde ein fin lobb som Carroll fista over. Den største sjansen kom etter 42 minutt. Vegard Ellingseter skaut via ein spelar i tverrliggar og ut, Ronny Leikarnes heade returen mot mål, men der var Carroll og redda. På overtid slo Ellingseter inn på bakre stolpe, Leikarnes traff på hovudet, men dessverre gjekk ballen like utanfor.

        Intervju Løvik
        Intervju Løvik
        Varfjell-TV snakka med Bjørn-Vegard Løvik etter kampen. Han meinte laget spelte bra i første omgang, men vart spelt lave av Eidsvåg etter kvilen.

        - Det er litt utur at me taper. Dei har ein god keeper hindrar oss frå å greie uavgjort, seier Løvik.

         

        Eidsvåg om kampen 

         

        Kampfakta

        Vestnes Varfjell - Eidsvåg 1-2 (1-0)

        3. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Fredag 12. juni 2009 kl 19.30

        Vestnes idrettspark
        90 tilskuarar

        Mål:

        1-0 (10) Karl Arne Stokkeland, straffe

        1-1 (60) Einar Olav Brakstad

        1-2 (69) Becic "Mido" Midhat

        Dommar: Rolf Erik Pedersen, Åndalsnes
        Gult kort: Karl Arne Stokkeland, 5 til Eidsvåg
        Vestnes Varfjell (4-5-1): Arild Mundal; Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad - Karl Arne Stokkeland, Alexander Connor (Jørgen Gravdehaug 77.), Vegard Ellingseter - Elling Olafsen (Bjørn-Vegard Løvik 70.), Ronny Leikarnes, Alexander Bjørnevik (Jakob Talberg 75.)

        Varfjell-TV: Reaksjonar etter kampen PDF Utskrift E-post
        Skrevet av Asbjørn Vik (foto/intervju)   
        lørdag 13. juni 2009

         

        Intervju Silseth
        Intervju Silseth
        Intervju Løvik
        Intervju Løvik
        Vestnes Varfjells-spelar Bjørn-Vegad Løvik meinte Varfjell kunne ha leia med eit par mål til pause mot Eidsvåg fredag og at ein god keeper hindra minst eitt poeng på slutten. Eidsvåg-trenar Jan Børge Silseth meinte at kampen kunne ha bikka begge vegar, men at det avgjerande var at dei hadde spelarar som var på rett plass og fekk inn to mål i Eidsvåg sin gode periode tidleg i andre omgang. Klikk på bilda for å høyre intervjua i Varfjell-TV. Eidsvåg om kampen>>