Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 2. serierunde - torsdag, 30 april 2009 - 19:00 h
Måndalen vs Vestnes Varfjell
1 2
(0 : ) (0 : )

Match details

Match Date: torsdag, 30 april 2009
Match Time: 19:00 h
Referee: Ole Petter Kristiansen
 
Attendances : 170

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Kunne juble til slutt PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        torsdag 30. april 2009

         

        Alexander Connor instruerer i garderoba før kampen. (Foto: Asbjørn Vik)
        Connor legg taktikken.
        Måndalen måtte spele over ein time med ti mann, men Vestnes Varfjell fekk likvel slite for poenga i lokaloppgjeret i 3. divisjon på Måndalen stadion torsdag kveld. Ronny Leikarnes sendte Vestnes Varfjell i leiinga midtvegs i andre omgang, men heimelaget utlikna på eit flott frispark frå Freddy Nikolaisen. Nirut Mjøs vart matchvinnar seks minutt før full tid.

         

        Varfjell-TV: Sjå skåringane | Connor om kampen | Måndalen-trenaren om kampen

         

        Ronny Leikarnes scora
        Ronny Leikarnes scora
         
        Freddy Nikolaisen scora
        Freddy Nikolaisen scora
         
        Nirut Mjøs scora
        Nirut Mjøs scora
        Intervju  Connor
        Intervju Connor
        Intervju med Nikolaisen
        Intervju med Nikolaisen
         
        Samandrag
        Sammendrag
         

        Dermed vart det tre poeng i ein ikkje altfor velspelt kamp. Måndalen, med fem tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på laget, kjempa best.

         

        Vestnes Varfjell starta best, men sleit med presisjonen på det ujamne underlaget. Ei avslutning i stolpen etter ein corner var det næraste laget kom skåring i første omgang. Midtvegs i omgangen vart heimelagets Stein Åge Strand blitt utvist etter to gule kort på rappen. Heimelaget følte naturleg nok at det var strengt idømt, og dommaren vart ikkje meir populær då han let vere å dømme straffe då Freddy Nikolaisen var på veg mot mål like etterpå.

         

        Vestnes Varfjell greidde ikkje å utnytte overtaket i talet på spelarar før eit stykke ut i andre omgang. Vegard Ellingseter skaut utanfor etter ein corner før Ronny Leikarnes åpna skåringskontoen for året i sin aller første kamp tilbake etter skade. Den gamle storskåraren vendte av to Måndalen-spelar inne i feltet og sette ballen kontant i mål.

         

        Men Måndalen gav aldri opp, og kjempa til krampa tok enkelte. Måndalingane var tøffare i duellane, og var minst like farlege dei gongane dei kom i angrep. Ikkje minst på dødball skapte vertane trøbbel i Varfjell-forsvaret. 70 minutt var spelt då bestemann Freddy Nikolaisen fekk sjansen på frispark på hjørnet av 16-meteren. Skotet sat knallhardt i motsett kryss og laga var like langt.

         

        Vestnes Varfjell ville ha med seg alle poenga frå denne kampen. Tommy Kanishi Andreassen kom nære på eit skot Måndalen-keeper Espen Pedersen fekk slått  over. Sluttspurten gav uttelling seks minutt før slutt. Nirut Mjøs starta kontringa, Leikarnes og Karl Arne Stokkeland fekk krangla ballen tilbake til Mjøs som sette ballen i mål frå kloss hald.

         

         

         

        Kampfakta

        Måndalen - Vestnes Varfjell 1-2

        Pause: 0-0

        3. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Torsdag 30. april 2009 kl 19.00
        Måndalen stadion

        Tilskuarar: 170

        Mål:

        0-1 (62) Ronny Leikarnes Sjå video

        1-1 (70) Freddy Alte Nikolaisen Sjå video

        1-2 (84) Nirut Mjøs Sjå video

        Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide

        Assistentdommarar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF og Harald Gule, MFK

        Raudt kort: Stein Åge Strand, Måndalen (25. min, to gule)

        Gult kort: Stein Åge Strand, Freddy Alte Nikolaisen, MIL. Elling Olafsen, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor, VVIL

        Vestnes Varfjell (4-3-3/4-4-2): Arild Mundal; Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad - Karl Arne Stokkeland, Jørgen Gravdehaug, Vegard Ellingseter - Elling Olafsen (Ronny Leikarnes 46.), Nirut Mjøs (Martin Lange Sylte 90.), Tommy Kanishi Andreassen (Alexander Connor 77.).

         

        For Måndalen starta de tidlegare Vestnes Varfjell-spelarane Sindre Balstad, Vegar Skare, Marius Ulla og Audun Leikarnes kampen, medan Tor Gunnar Venås kom innpå dei siste fem minutta.

        Connor til Varfjell-TV: - Tre poeng viktigast PDF Utskrift E-post
        Skrevet av Asbjørn Vik (videoreporter)   
        fredag 01. mai 2009

         

        Intervju  Connor
        Intervju Connor
        Copyright vEsti24
        Intervju med Nikolaisen
        Intervju med Nikolaisen
        Copyright vEsti24
        Varfjell-TV snakka med trenarane for dei to laga etter lokalderbyet i Måndalen torsdag. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor det viktegaste var at laget vann og sikra tre poeng. No ser han fram mot eit nytt og truleg vanskelagare lokaloppgjer, borte mot Åndalsnes om ei veke. Måndalen-trenar Tommy Nikolaisen rosar laget sitt for innsatsen med ti mann i over ein time og synest laget hans hadde fortent poeng. Sjå innslaga ved å klikke på bilda. SJÅ SAMANDRAG AV KAMPEN HER

         


        - Så lenge det ikkje blir delt ut stilkarakterar i fotball, så var dette heilt greit. Det viktegaste var å komme frå ein vanskeleg bortekamp med tre poeng, seier Connor til Varfjell-tv.

        Han seier den tidlege utvisninga prega kampen, men at hans lag ikkje greidde å utnytte overtaket før mot slutten då dei fekk igang overgangsspelet sitt. No blir det langhelg for laget før treningane inn mot Åndalsnes-kampen startar måndag.

        - Det blir truleg ei endå tøffare oppgåve. Fordelen er at kampen går på kunstgras og då spelar me i alle fall til tider betre fotball, seier Connor.

        Spelande trenar for Måndalen, Tommy Alte Nikolaisen, meiner det vart eit typisk lokaloppgjer med mykje duellar og få sjansar.

        - Etter utvisinga viste de unge laget vårt kjempegod innsats og god moral. Me er på høgde med Vestnes Varfjell som med ein mann meir skaper overraskande lite. Eg føler at dei er heldig som får det siste målet som trillar inn ved stolpen. Både spellemessig og moralsk hadde me fortent å få med oss eit poeng i dag, seier Nikloaisen til Varfjell-TV.