Banner

3. div BFH-serien 2009 Skriv ut
 Matchreport: 1. serierunde - fredag, 24 april 2009 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Kristiansund BK 2
1 2
(0 : ) (1 : )

Match details

Match Date: fredag, 24 april 2009
Match Time: 19:00 h
Referee: Alf Furland
 
Attendances : 100

Starting line up

Målvakt
Forsvar
Midtbane
Angrep

Substitutes

    Events

    Mål
      Gult kort

         Summary
        A-laget: Opna med tap, men nær poeng PDF Utskrift E-post
        Skrevet av nettredaksjonen   
        fredag 24. april 2009

         

        A-laget 2009 (Foto: Terje Engås)
        A-laget 2009 (Foto: Terje Engås)
        Vestnes Varfjell tapte 1-2 mot Kristiansund BK 2 i serieopninga i 3. divisjon fredag kveld. Gjestane var best før pause og leia 1-0 etter skåring av Leo Totev. I andre omgang utlikna Ørjan Tangen for Vestnes Varfjell i ein god periode der Vegard Ellingseter først hadde brent eit straffespark. Den avgjerande skåringa kom kort tid før slutt etter ei uheldig avklaring vart fanga opp av bortelagets Anders Røsand.

         

        Videoar frå kampenBildegalleri | Program KBK2 2009 Program 

         

        Gjestane, som kom frå 9-0 mot Måndalen i første kamp, opna kampen best. Leo Totev - klart best på bana den timen han spelte - fekk stå i fred og heade 1-0 til side for Vestnes Varfjells keeperdebutant Arild Mundal etter 12 minutt. Totev hadde også to skot i stengene i første omgang.

         

        Heimelaget kom litt betre med etter ein halvtime og Oddgeir Vikås kom nære skåring i sin comeback-kamp i Vestnes Varfjell-drakta då han kom aleine med keeper.

         

        Andre omgang starta med ny storsjanse til Vestnes Varfjell. Denne gongen var det Tommy Kanishi Andreassen som kom aleine med keeper, som såvidt fekk hindra skåring med foten.

         

        Etter 20 minutt var same Kanishi på farta igjen, denne gongen vart han skubba over ende i feltet og dommar Alf Furland frå Rollon peika på straffemerket. 11-metersskotet var dessverre av det svake slaget frå Vegard Ellingseter og Morten Dahle gjekk til rett hjørne og hindra skåring.

         

        Utlikninga kom likevel kvarteret før slutt. Innbyttar og debutant Svein Erik Gregersen sendte eit frispark inn i feltet som Oddgeir Vikås stussa vidare. Ballen landa til slutt på foten til midtstoppar Ørjan Tangen som sette ballen i nettaket.

         

        No sto kampen på vippen, men dessverre var det bortelaget som skåra igjen. Linjemannen heldt flagget nede då ei avklaring kom i retur og hamna i bakrommet der Anders Rødsand dukka opp og avgjorde kampen med eit skot forbi keeper.

         

        Sjølv om KBK 2 til tider var best, var det surt at det eine poenget glapp. Vestnes Varfjell stilte redusert frå start og det vart ikkje betre då Tommy Kanishi Andreassen og Jørgen Gravdehaug  måtte gå ut med skade etter pause.

         

        Ein lokal jury kåra Karl Arne Stokkeland til heimelagets beste. I tillegg meiner me at Tommy Kanishi og Jørgen Gravdehaug leverte ein solid kamp, i tillegg til stopparparet Tangen/Solevågseide. Også Tommy Hansen debuterte i seriekamp for Vestnes Varfjell.

         

        Les kva KBK skriv om kampen.

         

        Kamfakta:

        Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 1-2

        Pause: 0-1

        Seriekamp 3. divisjon Nordmøre/Romsdal

        Vestnes idrettspark, fredag 24. april 2009 kl 19.00

        Tilskuarar: 100

        Mål:

        0-1 (12) Leo Totev

        1-1 (74) Ørjan Tangen

        1-2 (78) Anders Rødsand

        Dommar: Alf Furland, Rollon

        Gult kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell

        Vestnes Varfjell (4-5-1): Arild Mundal: Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad - Tommy Hansen, Karl Arne Stokkeland, Jørgen Gravdehaug (Alexander Connor 79.), Vegard Ellingseter, Tommy Kanishi Andreassen (Svein Erik Gregersen 67.) - Oddgeir Vikås (Svein Erik Lange Male 87.)

         

        Varfjell-tv: Trenarane om kampen PDF Utskrift E-post
        Skrevet av Asbjørn Vik (videoreporter)   
        lørdag 25. april 2009

         

        Intervju - Connor
        Intervju - Connor
        Copyright vEsti24
        Intervju - Geir Midtsian
        Intervju - Geir Midtsian
        Copyright vEsti24
        Varfjell-tv snakka med dei to trenarane etter kamper fredag. Geir Midtsian i KBK meiner hans lag var best, særleg i første omgang, men legg til at dei nesten var litt heldige i og med at heimelaget brente eit straffespark. Varfjell-trenar Alexander Connor meiner laget hans heva seg etter ein dårleg start. - Det bur mykje i dette laget, men me må begynne å sette sjansane våre, seier Connor til Varfjell-tv. (Klikk på bilde for å sjå intervjua)