Banner

Sesongmeny

Resultater

NO ITEMS

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 

3. divisjon Nordmøre/Romsdal 2007 Skriv ut
 Matchreport: 6. runde - fredag, 01 juni 2007 - 19:00 h
Vestnes Varfjell vs Træff
1 3

Match details

Match Date: fredag, 01 juni 2007
Match Time: 19:00 h
Referee: Rolf Erik Pedersen
 
Attendances : 90


Events

Mål
    Gult kort
      Kamper

         Summary
        A-laget: Årsbeste heldt ikkje til poeng PDF Skriv ut E-post
        Skrevet av administrator   
        fredag 01. juni 2007

         

        Vestnes Varfjell leverte årsbeste i andre omgang, men det heldt ikkje til årets første poeng i 3. divisjon då topplaget Træff gjesta Vestnes idrettspark fredag. Molde-laget skåra to mål ved Roy Bolme før pause. Vestnes Varfjell kom sterkt tilbake etter kvilen, men det vart med Tommy Kanishi Andreassen si redusering. Heimelaget kjempa hardt for utlikning, men i staden auka Ole Jakob Strandhagen til 3-1 på overtid.

         

        Trenarteamet hadde gjort fleire forandringar framføre denne kampen. Bjørn-Vegard Løvik var på plass frå start i midtforsvaret for første gong i år, Yngve Solevågseide var flytta fram for å gje meir løpskapasitet på midtbana, medan Jakob Talberg var einsam spiss.

        Sjølv om Træff hadde eit vistt trøkk før pause, var det alt då mogleg å sjå framgang for eit heimelag med 25 innsleppte mål før denne kampen. Træff skåra likevel etter ti minutt då Bolme fekk uforstyrra fekk skyte i mål frå 20 meter. Samme mann var frampå på retur etter eit frispark ti minutt seinare.

        Vestnes Varfjell kjempa godt gjennom heile kampen, men sleit med å trenge gjennom Træff-forsvaret. Etter 22 minutt greide Tore Akselsen å drible seg fri, han sentra til Talberg som skaut på Træff-målvakta. Etter ein corner ramla Bjørn-Vegard Løvik over ende til det som såg ut som eit klart straffspark, men dommaren vinka spelet vidare slik at det sto 2-0 til pause.

        Vestnes Varfjell kom langt betre med i andre omgang, og no var det heimelaget som starta å vinne duellane. Ti minutt var spelt då ei beinparade frå Træff-målvakt Smørholm hindra eit forsøk fra Talberg etter fint gjennomspel frå Akselsen. Innbyttar Ronny Leikarnes heada ned til same Talberg midtvegs i omgangen, men  spissen var ei tå for seint ute til ei skikkeleg avslutning.

        Så, etter 65 minutt kom reduseringa. Leikarnes spelte fri Tommy Kanishi Andreassen som gjekk rett på mål frå venstrekanten. Ballen vart frekt plassert mellom keeper og stolpen frå kloss hald. Dermed nytt liv i kampen. Vestnes Varfjell augna no sjansen til årets første poeng.  Etter 25 minutt var Kanishi Andreassen på farta igjen, men raidet vart avslutta med hardt skot utanfor. Ynge Solevågseide sendte i veg ein lur lobb frå langt hald, men ballen duppa over målet. Heilt på slutten vart det spelt med berre tre mann bak, men dette førte berre til at Træff sette inn det avgjerande målet på overtid etter innlegg i feltet til ein umarkert Strandhagen.

        Sjølv om det vart tap har laget all grunn til å vere fornøgd med delar av kampen. Per Kristian Os Nakken vart av ein jury kåra til bestemann på heimelaget, men også stoppaduoen Løvik og Neraas gjorde ein solid jobb. Framover var Tommy Kanishi Andreassen god i andre omgang, også andre glimta til i takt med auka sjølvtillit. Simen Brennvik fekk som debut på A-laget då han kom inn for ein skadd Neraas på overtid.

        Laget: Sivertsen; Tangen, Løvik, Neraas (Brennvik 90.), Os Nakken (Mjøs 85.) - Solevågseide, Connor, Kanishi, Akselsen, Olfasen (Leikarnes 60.), Talberg.

        Tilskodarar: 90

        Dommar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF

        Gult kort: Løvik og Akselsen, VVIL