Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Midsund stadion laur., 25. sep. 2021 14:00
Midsund
Midsund
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 17. sep. 2021 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
1-1 Tomrefjord
Tomref

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 6 10 16
2 Surnad. 6 23 12
3 ÅIF 5 3 12
4 KBK 2 4 15 10
5 Malmefj. 6 1 10
6 Sunndal 6 0 10
7 Dahle 5 2 6
8 KFK 5 -6 6
9 Midsund 6 -20 6
10 Eide 6 -6 4
11 Varfjell 5 -9 3
12 Smøla 6 -13 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Male sørga for fortent poeng mot serieleiaren
fredag 17. september 2021 21:11

Svein Erik Lange Male dukka opp på ein tur på slutten av kampen og sikra ein ny uavgjort for Vestnes Varfjell då nabo Tomrefjord var på besøk fredag. Seiersvante serieleiarar kom over Furland med stor heiagjeng og tok kommandoen frå start. Eit brent straffespark til gjestane, som gjekk utanfor frå kaptein Daniel Holm Sundet, var likevel det næraste dei gule kom skåring. Vestnes Varfjells «bortkomne son», Tommy Kanishi vart felt. Ørjan Tangen hadde Vestnes Varfjells einare sjanse i første omgang då han heada utanfor etter eit frispark inn i feltet. Bakover rydda han og resten av Varfjell-forsvaret unna. Mållaust ved pause.

 

VarfjellTV: SJÅ HØGDEPUNKTA SJÅ HEILE KAMPEN

 

SJÅ BILDEGALLERI HER

 

Vestnes Varfjell kom betre med etter kvilen i dei nye garderobene ved stadion, men gjestane skåra først. Innbyttar Ken Robin Hildre var både dyktig og heldig då han flikka ballen i mål frå første stolpe etter ein corner.

 

Vestnes Varfjell kjempa på for utlikning og det var tydeleg at Tomrefjord no måtte kjempe for å halde unna. Mange trudde også dommaren hadde dømt straffe etter at linjemannen fekk med seg at Thomas Brastad dro ned Ørjan Tangen på eit frispark, men den vart trekt utanfor.  Eit par skremmeskot, mellom anna med redning på strek, kom før Lange Male sette ballen i nettaket til ellevill jubel. Male vart flytta fram på slutten og var først på returen etter eit skot frå Tor- Bjarne Salte.

 

Dommar la til heile 12 minutt (!) mellom anna på grunn av skader. Tomrefjords Eirik Taklo hadde eit skot oppå tverrligsren, men heimelaget hadde sjansar til å ta alle poenga heilt på slutten då Amund Stavem nesten fann Eirik Tomren aleine med keeper. Like før kombinerte dei to også, men Tomren vart avvinka for offside etter skot utanfor aleine med keeper.  Det bølga i sluttminuttane. Skot over frå Kanishi og Male avslutta ein underhaldande kamp.

 

Uansett eit fortent poeng, og laget skal vere stolte av innsats og prestasjon i denne kampen som første lag til å ta poeng frå serieleiaren.

 

Mellom 300 og 400 tilskuarar hadde møtt opp til klassisk lokalderby i flott haustvêr denne fredagskvelden.

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Tomrefjord 1-1 (0-0)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 17. september 2021 kl 19

Vestnes idrettspark, 400 tilkskuarar

Mål:

0-1 (66) Ken Robin Hildre

1-1 (85) Svein Erik Lange Male

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Vegard Ellingseter (87) og Svein Erik Lange Male (90), Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-5-1): Owen Hjelme Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k), Cédrik Ronnie Hellström Andrassen (Tor-Bjarne Løvik Salte 75), - Vegar Skare. Oliver Connor Søreng (Eirik Leao Tomren 72.), Karl Arne Stokkeland (Juan Rikard Larsen 25.), Vegard Ellingseter, Magnus Nerheim - Amund Stavem

 

 

Add a comment
 
Klart for lokaloppgjer fredag klokka 19
torsdag 16. september 2021 19:04

Fredag er det igjen duka for lokaloppgjer under flomlyset i Vestnes idrettspark når Tomrefjord IL kjem på besøk.

 

Heimelaget har vunne dei to siste tilsvarande oppgjer. I 2019 huskar me alle korleis Amund Stavem sjokkerte gjestane med ei tidleg skåring før Vegar Skare «dansa» inn lagets andre mål.

 

DETTE KAN DU GJENOPPLEVE HER I VARFJELLTV | OVERSIKT OVER TIDLEGARE OPPGJER

 

 

Dette blir også første retur til Vestnes idrettspark i «feil» drakt for Tommy Kanishi Andreassen, Daniel Gravdehaug og Knut Stian Eik etter at alle valgte å gå til naborivalen før denne sesongen. Særleg Kanishi og Gravdehaug har vore toneangjevande i eit Tomrefjord-lag som har overraska alle med å ligge heilt på toppen av tabellen.

 

Heimelaget jaktar årets første seier, og ikkje noko hadde vore betre enn om den kom i kveld. Det er venta mange gule supporterar, så her er det viktig at også mange møter opp og støttar heimelaget.

 

Kan du ikkje møte, blir kampen streama på VarfjellTV ved Asbjørn Vik via denne lenka.

 

Add a comment
 
Tapte klart mot Surnadal
søndag 12. september 2021 14:00

Vestnes Varfjell tapte til slutt 0-5 heime mot Surnadal søndag. Gjestane var best i det meste i ein kamp der lite stemte for heimelaget. Stillinga ved pause var 0-1. Sander Smevoll 3 og Frikk Talgø skåra måla, medan eit var sjølmål signert Svein Erik Lange Male.

 

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

 

Vestnes Varfjell var litt frampå heilt i starten av kampen, men dei topp-tippa gjestane frå indre Nordmøre tok sakte, men sikkert over i banespelet. Veldig mange klare sjansar var det likevel ikkje skapt i første omgang, Sander Smevoll sin fulltreffar etter eit kvarter vart omgangens einaste skåring. Skotet frå hjørnet av 16-meteren gjekk inn oppe ved tverrliggaren.

 

Andre omgang starta på verst tenkeleg vis for heimelaget då Svein Erik Lange Male i duell med ein Surnadal-forsvarar var tvugen til å klarere mot eige mål. Ballen gjekk i boge forbi eiga målvakt til 0-2.

 

Etter dette la heimelaget om formasjonen og sendte kaptein Ørjan Tangen lenger fram på bana. Det resulterte i at heimelaget kom til enkelte nesten-sjansar, men gav samtidig gjestane sjansen til å komme på overgangar.  Sander Smevoll takka for fritt spelerom to gognar og skot forbi keeper og i krysset, før Frikk Talgø avslutta til 0-5 frå kloss hald. Surnadal hadde også ballen i mål to gonger til, men assistentdommaren vinka av for offside. Begge såg korrekte ut, i alle fall utan bruk av VAR.

 

Airidas Skirgaila debuterte i seriekamp for A-laget då han kom innpå som innbyttar. Arjan Elias Furland Sylte var med i troppen for første gong denne sesongen.

 

Neste kamp er også på heimebane, det er komande fredag når Tomrefjord kjem på besøk til lokaloppgjer.

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Surnadal 0-5 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, søndag 12. september 2021 kl 14

Vestens idrettspark, 75 tilskuarar

Mål:

0-1 (14) Sander Smevoll

0-2 (48) sjølmål (Svein Erik Lange Male)

0-3 (60) Smevoll

0-4 (77) Smevoll

0-5 (79) Frikk Talgø

Dommar: Adrian Bratli, Molde FK

Assistentdommarar: Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen og Magnus Solnørdal, Molde FK

Gult kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell (75)

Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male - Juan Rikard Larsen (Cédrik Andreassen 46.), Oliver Connor Søreng (Vegard Ellingseter 61.), Vegar Skare, Magnus Nerheim (Airidas Skirgaila 86.) - Tor-Bjarne Løvik Salte (Lars-Helge Lien 68.), Amund Stavem, Eirik Leao Tomren (Juan Rikard Larsen 75.)

Add a comment
 
Ny heimekamp søndag klokka 14
laurdag 11. september 2021 14:00

Vestnes Varfjell møter Surnadal heime i Vestnes idrettspark søndag klokka 14. Heimelaget jaktar framleis årets første trepoengar, medan gjestane også treng seier for å henge med i tetkampen. Vestnes Varfjell fekk kampen mot KFK/CFK utsatt sist helg og har dermed ikkje spelt kamp på to veker. Vestnes Varfjell tapte begge kampane mot Surnadal i 2019, men vann heime  både i 2017 og 2018. OVERSIKT OVER TIDLEGARE OPPGJER

 

Møt opp og støtt laget i kampen om nye poeng!

Add a comment
 
David Sissoko til Brattvåg
laurdag 11. september 2021 13:51

Tidlegare Vestnes Varfjell-spelar David Sissoko har gått frå Molde til Brattvåg i 2. divisjon. Ungguten vart den første gutespelarar frå Vestnes Varfjell på landslaget som 15-åring og er også den yngste som har debutert for a-laget til Varfjell.

 

Tidlegare Vestnes Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid har også skifta klubb. Han har gått frå Træff til Nardo i Trondheim. Nardo har lag både i 2. og 4. divisjon.

 

Nardo var også klubben til Liam Connor i fjor, men han har no gått over til studentklubben NTNUI som spelar i 3. divisjon.

 

Me ønskjer spelarane lukke til i sine nye klubbar.

Add a comment
 
Utsatt kamp grunna korona
fredag 03. september 2021 22:48

Søndagens bortekamp i 4. divisjon  er utsatt på ubestemt tid grunna covid-19-smitte og dermed karantene på spelarane i troppen til KFK/CFK.

 

Det er no avtalt at tirsdag 5. oktober klokka 19 blir nytt tidspunkt for kampen.

Add a comment
 
Bildegalleri: Årets lagbilde og A-stall
tysdag 31. august 2021 19:08

HER KAN DU SJÅ BILDE AV ÅRETS A-LAG, BÅDE LAGBILDE OG PORTRETT

Add a comment
 
Nytt poeng, men seieren glapp
fredag 27. august 2021 20:35

Vestnes Varfjell tok leiinga tidleg og var nære å halde unna til årets første seier fredag. Magnus Nerheim sendte heimelaget i føringa etter ein god start, då han var sist på ballen på bakre stolpe etter eit frispark som vart flikka vidare av Juan Larsen.

 

Malmefjorden tok over mykje av spelet etter dette, men skapte ikkje dei store sjansane før langt på overtid i første omgang då dei sette ballen over frå fem meter. Vestnes Varfjell skapte ikkje mykje etter skåringa. Karl Arne Stokkeland hadde eit godt skotforsøk før han måtte ut med skade.

 

Malmefjorden hadde overtaket også i andre omgang, men Vestnes Varfjell sto imot til ti minutt av ordinær speletid sto att. Då fekk gjestane si fortjente utlikning på ei flott avslutning på halv volley frå Lars Joar Inderberg.

 

Kaptein ØrjanTangen ruva i forsvaret saman med resten av trebacksrekka med Svein Erik Lange Male og Håkon Kjørvik solide. Også målvakt Owen Connor sto godt. Både tidleg i andre omgang og på overtid hindra han baklengs. Framover vart det etter kvart for mange balltap og tapte duellar.

 

Amund Stavem sesongdebuterte etter pause og viste med overblikk, pasningsfot og dribleferdigheiter at han blir ein viktig mann framover.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Malmefjorden 1-1 (1-0)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre og Romsdal

Fredag 27. august 2012 kl 19

Vestnes idrettspark, 90 tilskuarar

Mål:

1-0 (14) Magnus Nerheiim

1-1 (80) Lars Joar Inderberg

Dommar: Eirik Furu, Clausenengen

Gult kort: Ellingseter (36), Tangen (45), Skare (83)

Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k) - Magnus Nerheim (Lars-Helge Lien 76.), Vegar Skare, Vegard Ellingseter (Oliver Connor Søreng 70.), Cédric Ronnie Hellström Andreassen (Amund Stavem 46.)- Tor-Bjarne Løvik Salte (Eirik Leao Tomren 81.), Karl Arne Stokkeland (Eirik Leao Tomren 20., Elling Olafsen 72., Ole Ragnar Forsland 84.), Juan Richard Larsen

 

 

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER, INKLUDERT HEILE 1-0-SKÅRINGA

Add a comment
 
Ny heimekamp fredag klokka 19
torsdag 26. august 2021 21:50

Malmefjorden er gjestar når Vestnes Varfjell spelar årets andre heimekamp i 4. divisjon. Gjestane frå Hustadvika kommune tapte borte mot KFK/CFK i første kamp, men slo til med ein sterk heimeseier mot topp-tippa Surnadal sist. Heimelaget jaktar sin første seier for sesongen etter eitt poeng på bortebane mot Eide sist fredag.

 

Møt opp og støtt laget i kamp om viktige poeng. Det er meldt fint vêr og kiosken vil som vanleg vere open.

Add a comment
 
Skirgailas tilbake, Eik til Tomrefjord
torsdag 26. august 2021 22:19

Airidas Skirgaila er omsider speleklar for Vestnes Varfjell. Unggutten returnerer frå Træff der han spelte spelte for juniorlaget sist sesong. Me ønskjer velkommen tilbake i marineblått.

 

På minussida har Knut Stian Eik valt å spele for nabo og divisjonskollega Tomrefjord denne sesongen. Angriperen rakk å spele 50 seriekampar og skåre 8 mål for Vestnes Varfjell. Frå før har Daniel Gravdehaug og Tommy Kanishi Andreassen gått same veg. Me ønskjer spelarane lukke til og velkommen tilbake når det skulle bli aktuelt.

Add a comment
 
Sikra årets første poeng i jamn bortekamp
fredag 20. august 2021 19:50

Vestnes Varfjell sikra årets første poeng i 4. divisjon då laget spelte 1-1 borte mot Eide fredag kveld. I ein jamnspelt kamp sto det 0-0 ved pause. Eide tok leiinga på ei heading etter eit frispark i andre omgang, men Juan Rikard Larsen utlikna med eit skot frå kloss hald ikkje lenge etterpå. Begge lag hadde sjansar til å skåre fleire gongar, men uavgjort var vel eit greit resultat. Trenar Ole Håkon Heen Lien var fornøgd med førsteomgangen, men skuffa over at laget ikkje greide å følge opp like bra etter kvilen. - Då vart me for stressa og spelte på oss for mange brudd, sa trenaren etter kampen. Han var heller ikkje fornøgd med markeringa på 1-0-målet.

Vestnes Varfjell kom best i gang på kunstgraset på Eide. Karl Arne Stokkeland var nære frampå før Ørjan Tangen og Svein Erik Lange Male hadde ein dobbeltsjanse på ein corner. Heimelaget kom betre med utover i omgangen og hadde også ein ball inne, men keeper dømte frispark etter at Lange Male vart hindra med ulovlege middel.

Eide starta best i andre omgang og tok leiinga på ei heading etter eit frispark. Dei hadde også ei par andre sjansar der ballen strauk tverrliggar og stolpe. Ti minutt seinare var laga like langt. Innbyttar Ole-Ragnar Forsland gjorde forarbeidet med skot på keeper som Juan Rikard Larsen plukka opp og sette kontant i mål til 1-1.

Eide vart nummer to begge dei to siste sesongane i 4. divisjon, men har til liks med Vestnes Varfjell mista sterka spelarar sidan då. I denne kampen var bestemann frå forrige kamp, Cédrik Andreassen borte i samband med konfirmasjon, medan Magnus Nerheim ikkje var med etter overtrakk sist. Vegar Skare måtte gje seg etter berre ti minutt og Karl Arne Stokkeland måtte ut ved pause. Heldigvis har laget ein jamn og god tropp.

Malmefjorden heime er neste kamp.

Nokre bilde og ein filmsnutt frå kampen

Romsdals Budstikke om kampen

Kamprapport

Kampfakta:

Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 1-1 (0-0)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Eide kunstgrasbane, 70 tilskuarar

Mål:

1-0 (52) Stian Lysgård

1-1 (63) Juan Rikard Larsen

Gult kort: Eirk Tomren. (65) Owen Connor (74) og Ørjan Tangen (74), Vestnes Varfjell; Kevin Gustad, Eide (85)

Dommar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord

Vestnes Varfjell (3-4-3): Owen Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k) - Juan Rikard Larsen, Vegard Ellingseter (Ole Håkon Heen Lien 87.), Vegar Skare (Oliver Connor Søreng 10.), Lars-Helge Lien - Tor-Bjarne Løvik Salte (Elling Olafsen 87.), Karl Arne Stokkeland (Ole-Ragnar Opstad Forsland 46.), Eirik Leao Tomren

Add a comment
 
Gav seriefavoritten kamp, men måtte gje tapt til slutt
søndag 15. august 2021 16:05

Vestnes Varfjell kjempa godt, men måtte til slutt notere eit 0-4-tap heime mot KBK 2 i seriepremieren søndag. Stillinga ved pause var 0-1 etter at KBK kom igjennom og fekk avslutta med skot forbi keeper ved Sverre Arntsen Lervik.  Før dette hadde Vestnes Varfjell vore nærast etter at Tor-Bjarne Løvik Salte heada over frå god posisjon.

 

KBK-rekruttane tok over etter pause, og det vart meir om meir synleg kven det er som trenar kvar dag. Leander Næss Alvheim vart dagens man med hat-trick. Først skåra han på straffespark etter ein time, deretter drog han seg fri og sette ballen kontant opp i nota frå kloss hald, før han heada inn det siste målet etter eit innlegg på bakre stolpe. KBK fekk også eit andre straffespark, men det redda Owen Connor meisterleg.


KBK 2 hadde også eit skot som gjekk via stolpen og i armane på målvakt Connor. Vestnes Varfjell sleit med å produsere noko framover, men både Ole-Ragnar Opstad Forsland og Karl Arne Stokkeland kom aleine igjennom, men begge lobba over mål.

 

Uansett mykje positivt å ta med seg frå ein kamp der heile 150 tilskuarar hadde tatt vegen til Vestnes idrettspark. Vegar Skare var kaptein for dagen då Ørjan Tangen ikkje kunne vere med. Eit par skot for baugen var det også at både Elling Olfasen og Magnus Nerheim måtte ut med skade tidleg.

 

Fire spelarar debuterte i denne kampen: Målvakt Owen Connor, samt Tor-Bjarne Løvik Salte, Oliver Connor Søreng og Ole-Ragnar Opstad Forsland. For dei tre først nemnde var det også første kampar på seniornivå. Alle gjorde sine saker bra og viste at det står bra til med rekrutteringa sjølv om det også har vore nokre fråfall i koronaperioden.

 

Varfjells beste: Midtstoppar Cédric Ronnie Hellström Andreassen som rydda godt opp i dei bakre rekker.

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV

 

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 0-4 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark, søndag 15. august 2021 kl 14

Ca 150 tilskuarar

Mål:

0-1 (33) Sverre Arntsen Lervik

0-2 (61) Leander Næss Alvheim, straffespark

0-3 (79) Næss Alvheim

0-4 (86) Næss Alvheim

Ingen kort

Dommar: Adrian Bratli, Molde FK.  Assistentdommarar: Magnus Smørdal, Molde FK og Oliver Bjørsnøs Bakke, Elnesvågen og Omegn

Vestnes Varfjell (5-4-1): Owen Connor; Lars-Helge Lien, Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Cédric Ronnie Hellström Andreassen, Juan Rikard Larsen (Ole-Ragnar Opstad Forsland 80.) - Vegar Skare (k), Magnus Nerheim (Ole-Ragnar Opstad Forsland 17.) (Karl Arne Stokkeland 75.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Vegard Ellingseter (Oliver Connor Søreng 73.) - Elling Olafsen (Eirik Leao Tomren 9.)

Add a comment
 
Live frå klokka 14: Vestnes Varfjell - KBK 2
søndag 15. august 2021 10:40

Følg denne lenka for å sjå kampen:

https://www.youtube.com/c/VestnesVideo/live

Add a comment
 
Seriestart: Møter KBK 2 heime søndag kl 14
laurdag 14. august 2021 21:35

Endeleg! Etter ein lang koronapause er det igjen klart for seriespel i 4. divisjon. For Vestnes Varfjell blir det ein tøff start når seriefavoritt Kristiansund BK 2 gjestar Vestnes idrettspark søndag klokka 14.

 

KBK 2 er eit lag me stort sett har tapt for. Einaste seier kom for ti år sidan, også det i første serierunde. Vegar Skare og Tommy Kanishi Andreassen var målskårarar i 2-1-seieren. Les meir om den kampen her.

 

Forrige møte vart dramatisk då Vestnes Varfjell vart snytt for eit seint utlikningsmål ved målvakt Fredrik Bergslid då Svein Erik Lange Male vart avblåst for angrep på KBK-keeperen (sjå video av hendinga her). Faktisk er 11 av dei involverte i den kampen mot Noah Solskjær & co aktuelle for spel også denne sesongen.

 

Første gong me møtte KBK 2 var i 2007, då vart det eit tap og ein uavgjort. Elles har det vorte tap alle gongar sett bort frå kampen i 2011. Oversikt over alle tidlegare møter finn du her.

 

Kom på kamp og støtt våre gutar, om du ikkje kan så blir kampen etter planen streame på Youtube av vår trufaste fotograf Asbjørn Vik. SJÅ DIREKTESENDING HER

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 260

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

moen.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer