KRJT: Påmeldinga til julecupen igang Skriv ut
Skrive av administrator   
fredag 06. desember 2019 14:07

Vestnes Varfjell arrangerer også i år Kjetil Rekdals Juleturnering, som alltid 2. juledag i Vestneshallen. I fjor vann laget "Simon e redd". Cupen har vore arrangert kvart år sidan 1988 og er mellom dei lengstlevande innecupane i fylket, ofte med stjerner frå toppfotballen på parketten. Påmeldingsfristen er 10. desember. KLIKK HER FOR PÅMELDINGSSKJEMA

Sist oppdatert fredag 06. desember 2019 14:15